Sommarkonkurranse

Eg kom over denne smarte treningsdingsen frå Designtorget, og måtte bare ha. Som mange allereie veit så er eg opptatt av trening, og at treninga skal være enkelt og lett tilgjengelig. Nå er det ferietid, og kvifor ikkje slå av ei treningsøkt med kjærasten eller ein venn kor du enn oppheld deg i verda ☺
designtorget, trening, vekter, petflaska hantel

Med denne hantelen kan du enkelt dra frå den eine ferieplassen til den andre i sommar. Den er lett, og sjølve vekta fiksar du på plass med tomflasker som du fyller opp med vann, sand eller småstein, som skrus på kvar sida av handtaket- smart og enkelt!

Trening, Designtorget, Konkurranse 2013, fotokonkurranse
Enkelt å variere fra små til store flasker, samt innehald i flaskene for ulik tyngde.

Sommarkonkurranse!
Eg er for ein aktiv kvardag, og derfor ønskjer eg å få mange inspirasjons bilder frå leserane mine. Bilda skal vere frå aktive sommaraktivitet eller treninga, ellers er temaet vidt. Bilda blir brukt i et kollage som eg seinare publiserar på bloggen min.
Eg velger ut to av bilda, som for meg stikk seg ut på et eller anna sett, og desse to vinn kvar sin hantel som eg har fått av Designtorget ☺ Tjohoo!

Konkurranse, fotokonkurranse, designtorget, träning
Du kan bli ein av dei heldige vinnerande av ein vannflaskehantel- Knips i veg!

Bilda kan sendast til min e-post, min facebook-profil, Instagram eller Twitter, send då bilda med kopling til meg (@), samt #aktivsommar2013
Konkurransen held på fram til 5. August, og trekninga skjer i slutten av den veka!

For ein aktiv sommar, kjøp duppiditt hantelen asap
For mine norske leserar kan du få kjøpt vannflaskehantelen på fire ulike Designtorget butikkar i Oslo, sjå butikk oversikt her. Man kan desverre ikkje handle frå webshopen frå Norge, men for deg som ikkje bur i Oslo kan dette sendes med postforskudd frå ein butikk i Oslo. Kontakt i så tilfelle på tlf. 22 71 10 00 eller mail: storo@designtorget.se
For mine svenske leserar kan du få kjøpt den både i butikk og på Designtorgets Webshop. Løp og kjøp ☺

Aleinemor denne veka
Denne uka er eg aleine med småtrolla mine, så nå skal eg trene masse både med kjernemuskulatur og med min nye vannflaskehantel, bloggar om øvingar etterkvart!

/Monica
-som faktisk runda 1000 besøk på bloggen i kveld, stor stas! Det skal feirast med ”litt” mørk sjokolade, nam.


Publisert

i

av

Stikkord: