Ikkje gløym mage og rygg!

Helga har stort sett gått i leik og kos i hagen. Fikk meg endeleg ein løpetur i går, 5,41 km, og eg fekk testa meg på litt teknikkar eg innhenta forrige helg, det var moro, følte faktisk det gav litt meir framdrift, gledar meg til å jobbe meir på dette. Løpeturen er ei fin runde som eg har springe fleire gonger før, denne har eg no døpt til «Brudesløret» og skal vere ein av dei idrettslege prestasjonane eg skal ha i min målplan fram til eg giftar meg i mai neste år. Meir om dette veka som kjem.

Å trene kjernemuskulaturen er viktig
Ellers har eg fått trent meir mage og rygg i helga, og legg ut fleir fine øvelsar for kjernemuskulaturen. Dette er fine øvelsar for alle, og jobbar du som terapeut er dette bra øvelsar å gje vidare til dine klientar. Mange trur dei trenar mage/rygg, gjer mange sit-ups, og trenar store ryggmusklar i apparater og med vekter, dessverre er dette muskelgrupper som ligger langt vekk frå kjerna, og viktige muskelgrupper blir oversett.

Trening av kjernemuskulatur kan du fint legge til mot slutten av ei treningsøkt, men du kan også kjøre den som eit eiga treningsprogram, har du rundt fem øvelsar tek treningar mellom 30- 45 minuttar, og alt kan gjeras heime, veldig greit!

Utvalg av fine mage- ryggøvelsar:

Ein fin øvelse er å ligge på rygg med føttane i golvet, deretter pressar du korsryggen ned i underlaget (tenkt at du strekker ut ryggraden), samtidig som du vippar bekkenet bakover, hold dette presset i ca 10 sekund, slepp sakte tilbake. Ved trening gjenta ca 10-12 gonger. Ellers er den fin føre andre mage- ryggøvelsar.

Som terapeut kan du legge handa di under og be klienten din "knuse" hånda di, og halde presset i ca 10 sek.
Som terapeut kan du legge handa di under og be klienten din «knuse» hånda di, og halde presset i ca 10 sek.

Andre fine øvelsar:
Bekkenløft
Hofteløft med strakt bein
Kjernemuskulatur, magetrening

Planken stend du ei viss tid, 30-60 sek er vanleg, 2-3 seriar.
Planken stend du ei viss tid, 30-60 sek er vanleg, 2-3 seriar.
Ver rak i kroppen, er det tungt kan du gå ned på kne. Hold i 30-60 sek.
Ver rak i kroppen, er det tungt kan du gå ned på kne. Hold i 30-60 sek.

Det finnes fleire variasjonar av desse planke-øvelsane, det gjeld bare å vere kreativ! Fleir tips kjem uasnett frå meg seinare.

God natt!
/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: