Endeleg mandag!

For meg så var det endeleg mandag på fleire måtar. Mandagar for meg er eigentleg fri, men eg kan faktisk ikkje hugse sist eg hadde ein frimandag. Det har vore så hektisk med ulike oppdrag og andre gonger har dagen blitt fylt opp på grunn av sjukdom veka føre.

Marit, ein av mine beste venninner og kollega benytta formiddagen til å gå oss ein tur i det fine været, samtidig passa me på å sprei litt reklame om klinikken vår i postkassene rundt omkring på Smestad ☺

Mandagstur på ettermiddagen
Mandagar er min faste dag å hente gutane i barnehagen, og då brukar me å gå tur i skogen. I dag gjekk me til ein fin liten foss i nabolaget, og hadde ein koseleg ”fika”. Me hadde med brød til endene, men dei såg me ingenting til i dag. Litt skuffa gutar då ja….

Me har mange fine turområde her i Groruddalen. Turen til fossen er Filips sin favoritt
Me har mange fine turområde her i Groruddalen. Turen til fossen er Filips sin favoritt
Trening, Naprapat
Rikard ventar.

Endeleg på løpefot med Rikard
Endeleg mandag og Rikard sin Løpetrening i regi av klinikken vår. Eg har gleda meg til å få vere med på denne, og i dag stilte mi snille lille syster opp som barnevakt, takk ☺
Eg kom duranes fram til Smestad og klinikken vår eit par minuttar for seint, men det gjorde ingenting for det var bare eg som stilte opp i dag.

Treninga var absolutt som forventa, Rikard har alltid artige innspel med ulike styrke, balanse og bevegelighetstrening, og han bruka det fint og naturleg inn i dei ulike omgivelsane me var i.

Trening, Løping
Lenge trudde me at ingen andre kom til treninga, heilt til me møtte på denne gjengen…
Trening, Løping, Gratis
Rikard held løpe- og styrketrening frå Smestad Mandagar kl 18.

Å kombinere denne type trening, altså løping og styrke er så himla moro, ein gløymer at ein tek seg frå A til B, plutseleg var me tilbake ved klinikken etter 6,65 km. Og då hadde han også fått meg spurtandes opp ein hoppbakke før me gav oss.

Nå sitt eg her i god stolen min og kjenner at lår, rumpe og armar begynnar å få ein skikkelig stølhet slik den bør etter ei god treningsøkt. Håpar eg seg fleire på treninga neste gong.

God natt!
/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: