Endelig på ShapeUp-weekend

 

Helga 31. Mai til 2. Juni satte Linda (bestevennina mi) og eg kursen for Geilo, og treningsweekend med treningsbladet ShapeUp. Over 200 jenter var etter rykta påmeldt, dette har me venta på, endeleg ShapeUpweekend!
Veldig fornøgd med goodiebagen me fekk ved ankomst Vestlia Resort og Spa!

Ingenting å utsette på alle desse treats'a! #ShapeUpweeken
Ingenting å utsette på alle desse treats’a! #ShapeUpweekend
Inspirerande og rørande foredrag av tidlegare basehoppar Karina Hollekim
Inspirerande og rørande foredrag av tidlegare basehoppar Karina Hollekim

Igår kveld varma me opp med bootcamp i sekstida, deretter fekk me høyre på tidlegare basehopper Karina Hollekim si fantastiske reise i både fjell og luft. Og ho delte med seg om den forferdelige basehoppulykka ho hadde i 2006, og frå den tida ho kjempa seg ut frå eit liv dømt til rullestol. Med småsmå framskritt dag for dag kunne ho etter fire år sette sine bein i puddersno igjen, hatten av for ei tøff og utruleg dame!! Om du nokon gong treng litt inspirasjon eller syns at live ditt er litt tøft, trur eg nok boka hennar kan vere nyttig for dei aller fleste. Legg med link til hennar eiga heimestide for deg som ynskjer å lese meir om Karina.
Kvelden vart avslutta med kjempe god buffé og noko attåt.

Ikkje nok med at ein engel til akupunktør redda helga mi med å fikse tette bihuler og hodepine torsdagkveld. Men eg trur jammen me hadde ein og anna værgud med oss denne helga óg. Det var meldt torden og øsregn heile helga, men for kvar aktivitet me skulle ut på (iallefall dei eg var påmeldt på) så vart det både oppehald og sol, nydeleg!

Base for bootcamp 1, kondisjon.
Base for bootcamp 1- Leikeplass, kondisjon.

Laurdag vart det for min og Linda sin del to bootcampar og ei løpeteknikktrening. Bootcamp 1 var basera på kondisjonstrening, det var 8 stasjonar, og me skulle gjere så mange repitisjonar me kunne på 1 minutt før me satte igang med neste stasjon. Treninga var 3 rundar, med 3 minuttar pause mellom kvar økt.
Mange av øvelsane som var med i treninga ser du demonstrera under innlegget mitt om «høgintensivtrening». Under ser du to øvelsar som óg var med i økta. Eg demonstrerar ein ryggøvelse, der du skal ha rake armar og dra deg sjølv opp med rak kropp, brystet skal fram og neste berøre tauget.
Bootcamp 1
Ein anna øvelse på Bootcamt 1 var tricepspress, så for deg som ikkje kjenner til denne har Linda stilt opp som demonstratør:
Bootcamp 1 Linda
Dei seks andre øvelsane var: springe opp og ned kort bratt bakke, gå ei strekke med vekter i hendene, armhevninger, Hoppe opp og ned fra fire benker, slenge med tunge taug og springe med belte rundt magen, partner bremsar med å halde i beltet.

På tide å lære korleis løpe riktig!

Meg og min nostalgiske løpejakke frå Adidas
Meg og min nostalgiske løpejakke frå Adidas

Klar for løpeteknikktrening med Hanne Lyngstad.Eg legg til bilde av den nostalgiske løpejakka mi (den vekte visst gamle, gode følelsar hos Hanne, som jobbar i Adidas).

Eg som alltid har vore ein eksplosiv type har fått jobba hard med å jogge både 3km, 5km og nå nærmare mila, men det er tungt, og eg slit- alltid! Så når eg fikk høyre det skulle vera løpeteknikktrening med ikkje mindre enn ein proff, jubla eg høgt inni meg. 25 forventningsfulle og klare jenter fekk øve oss på ulike drill(ar) som det visst heitte. Dette er då overdrevne teknikkar for å jobbe inn eit økonomisk framoverdrivande løpesteg. Etter nokon ulike drills fekk me prøve oss på perfekte løp, og eg gledar meg til neste løpetur der eg skal nettopp det- løpe perfekt! Om du ynskjer tips frå Hanne Lyngstad så legg eg linken til bloggen hennar her.

Løpeteknikk med Hanne Lyngstad
Løpeteknikk med Hanne Lyngstad

Bootcamp 2 tok me for sikkerhetsskyld inne, det var toalt 12 stasjonar, og her skulle me gjera så mange repitisjonar me klara i 1 minutt. Alle 12 øvelsane gjorde me i to seriar. Deretter var det fellesfotografering. Og Linda og meg (inkludera mange andre) tok ei velfortjena stund i Spa avdelinga etterpå- perfekt!
Kvelden vart avslutta med middag og gode minner frå 90-tallet i Loungen!

Me nyt ein velfortjena middag siste kvelden!
Me nyt ein velfortjena middag siste kvelden!

Stor takk til alle som bidrog til ein fantastisk helg for alle oss «jenter»- dette var ein opplevelse, litt leit at neste års ShapeUpweekend er lagt til bryllupshelga min, eg får håpe på nokon nye englar og ein og annan gud som muligens kan mikse og trikse slik at neste års treningshappening blir flytta til ei anna helg…….
Takk til ShapeUP-jentene, Röhnisch, St.Tropez, FitnessExpress og Vestila Resort og Spa- super helg, vel blåst!

/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: