Slik går no dagan!

No har det vore nokon dagar med trenings oppehald, kroppen var visst ikkje heilt klar for ei hard treningshelg, noko som satt seg som halsbetennelse og veldig klein stemme.

Har derfor forsøkt å gje kroppen litt kvile (ikkje det at eg er flink til det), men ikkje gjort nokon store treningsøkter iallfall.

Alltid ei utfordring å få logistikken til å gå opp når barna er sjuke.
Alltid ei utfordring å få logistikken til å gå opp når barna er sjuke.

Kvardagslogistikk
Det har vore nokon hektiske dagar, då det var mykje å ta att på klinikken etter at Emil var sjuk fyrige veke. Det er vel den største ulempa med å drive eiget, du har liksom ingen til å ta jobben for deg, ingen bunke med papir du kan starte på toppen av og jobbe deg nedover. Her er det tapt inntekt frå fyrste klient du må avbestille. Heldigvis klarer me som regel å flytte rundt på dagane og klientane, kabalen går oftast opp, men det er ikkje usannsynleg at ein mistar nokon på vegen, dessverre!

Når det er sagt, så ville eg ikkje ha bytta jobben min mot nokon anna, eg føler dette verkeleg er det rette for meg.

Dagane hos oss startar rundt seks tida, gutane vaknar nesten synkronisk, og let verken mamma eller pappa få sove eit sekund lengre, nå er me ferdige å sove seier Filip bestemt. Etter litt havregrynsgrøt ber det i veg til barnehage og arbeid. Me er som regel på jobb i 8-9 tida, mandag- onsdag jobbar alltid ein av oss seint, medan torsdag og fredag passar me på å ha meir familietid.

Aktiv deltakar i barna leik
Som sagt så har det blitt skralt med trening sida eg kom att frå ShapeUpweekend på Geilo, men me har passa på å delta i ungane sine akrobatiske leikar. Og sjølv om eg ikkje har ”trena”, så får jaggu kjernemuskulaturen kjørt seg med to apekattar som skal klatre opp på meg, veka har ikkje vore så halv dårleg likevel trur eg.

Emil utforskar rockeringen.
Emil utforskar rockeringen.

Filip har tidlegare gått på turning, og elskar å utfolde seg sjølv, her jobbar han på planke i lufta saman med pappa.

Litt vanskelig, men Filip gjer seg ikkje, han skal klare å fly.
Litt vanskelig, men Filip gjer seg ikkje, han skal klare å fly.

Etter ei stund syns visst Emil det er mest moro å putte føttane sine i ansiktet mitt, nå kjenner eg at eg er ferdig med å vere klatrestativ for denne gong.

Godt det er ein ny dusja gut som "tråkkar" på meg.
Godt det er ein ny dusja gut som «tråkkar» på meg.

Ny heimeside hos Oslo Naprapatklinikk!
Denne veka har også vore litt ekstra hektisk på grunn av ny lanseringa av heimesida vår. Sjølv om me gjorde heimesida vår sjølv frå starten av, har alltid målet vore å få noko profesjonelle til å pimpe den opp for oss. Og no fekk me endeleg denne moglegheita. Me har brukt ein super markedsføringskonsulent Carina Åkredalen fra Norbrand til å sette denne opp for oss. Ta gjerne ein kikk på www.oslonaprapatklinikk.no Det er også Carina som eg skal holde markedsføringskurs med framover. Og eg veit ho har mykje bra å by på!

Her sitt eg å bloggar og jobbar, kosehjørnet mitt!
Her sitt eg å bloggar og jobbar, kosehjørnet mitt!

Rabattkupong på Naprapatbehandling
Derimot så har eg i forbindelse med ny lanseringa sitte med redigeringsprogram og laga ei lita kampanje, denne kampanjen skal me køyre på facebook i heile sommar, men legg den ved her òg, så har du ein gylden sjanse til å prøve naprapati ☺

Lyst å prøve naprapatbehandling? Slå til no!
Lyst å prøve naprapatbehandling? Slå til no!

Nå er det helg, eg er frisk att, det blir endeleg litt blogging om trening igjen!!
/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: