Den forbaska Tennisalbuen!

Denne veka har eg hatt fleire klientar med tennisalbue, og tenkte derfor eg ville legge ut ein liten filmsnutt for å vise ein treningsøving som blir anbefala alle med tennis- og golfalbue å gjera. Denne treninga er anbefala enten du går til manuell behandling, får trykkbølgebehandling eller om du har fått kortison.

Trening ved Tennis- golfalbue
Ved tennis- og golfalbue bør øvingane bli gjort 12repetisjonar, 2 seriar, 2ggr dagen i 12 veker.

Denne eksentriske treninga er også fin for alle andre for å førebygge, då rekk det å gjere 10-12 repetisjonar, 2-3 seriar nokon gonger i veka.

Viktig med grundig undersøkning!
Tennis- og golfalbue er for mage velkjente navn, og er benemning på irritera muskelfester ved albueknokelen, smerter på utsida er ”tennisalbue” og smerter ved innsida er ”golfalbue”.
Har du enno ikkje vore til naprapat eller anna terapeut og fått undersøkt armen din anbefaler eg at du gjer dette, då mykje av arm smerter i dag stammar frå skulder og nakke. Ei grundig undersøking er derfor viktig slik at behandling i rett område og struktur blir gjort.

Jobbar du som terapeut og eller massør er dette ein nyttig øving og gje til dine klientar med tennis- og golfalbue.

Filmen er i litt dårlig kvalitet, men håpet er å få filma dette inn betre etterkvart!
/Monica


Publisert

i

,

av

Stikkord: