Endeleg brudekjole!

For augeblikket er me i sommarbyen Varberg, og har ein dag att her, før me avsluttar ferien nokon dagar heime hos svigermor. Der skal me prøve å bestemme oss for festlokale til bryllupet, oppdatering om dette kjem.

Denne veka var me så heldige å få eit døgn fri frå ungane, då passa me på å ta ei hotellnatt i Halmstad enda nokon mil sør i Sverige enn Varberg som me ferierar i nå.

Halmstad
bryllupsplanlegging, turist, studentby, brudebutikk
turist, blogg, brudebutikk, brudekjole, bröllopsklänning, brudklänning
bryllupsplanlegging, brudaffär
hotell, halmstad, blogg

Fyrste dagen passa me på å kikke rundt litt i byen, samt kikke rundt etter tips og inspirasjon til bryllupet vårt.
bryllupsplanlegging, inspiration, bryllup, bröllop, bröllopsplanering, brudekjole, brudklänning

Me kjem tilfeldig over denne matplassen, som eg falt pladask for, herifrå kjem det eit eiget innlegg om ikkje lenge ☺
god mat, riktig mat, sunn mat,

glutenfri mat, restaurang, blogg, spisested, sverige
Eg åt denne gode viltburgeren, heilt glutenfri!

Me skal sjølv i eit bryllup lørdagen som kjem, til Rikard si kusine, og dette måtte eg finne meg kjole til, Halmstad var siste sjanse…
Eg finn faktisk tre aktuelle kjolar:
bryllup, kjols, fest, fint klädd
festkjole, fint kledd, bryllup
fest, kjols, bryllup, fint kledd
Kva kjole eg endte opp med får du sjå seinare.

Rikard hadde booka fiiint rom til oss på First Hotel Mårtenson.
hotel, hotell, övernattning, overnatting

Og me passa på å nyte rosevin på rommet føre middagen. Og nyte den flotte utsikten frå hotellrommet.
bryllupsplanlegging, bröllopsplanlägging
instagram, hotell, utsikt
bryllupsplanlegging, bröllopsplanläggning

Eg sit og leitar på nettet etter både brudekjolebutikkar, ringar og andre ting som må fiksas til bryllupet. Godt å få litt ro rundt seg utan nokon som dreg ein i buksa eller skrik etter hjelp eller kva det måtte vera. Me må vera effektive desse 24 timane ☺
bröllop, brudklänning

Kvelden avsluttar me på Pio, der nyt me fantastisk god mat. Me får stort sett gjestelista på plass, diskuterer pynt, fargar me ønsker å bruke til bryllupet, samt design på invitasjonar, bordkort osv. Veldig fornøgd med miniferien så langt!

instagram, middag, pio
@monicaaschim, bilde henta får Instagram

Endeleg brudekjole
Dagen etter er det bryllupskjole prøving som står på agendaen. Eg blir litt overvelda når eg kjem inn i butikken med den eine flotte kvite kjolen etter den andre. Trur det fyrst nå går opp for meg at det faktisk er eit bryllup me driv og planlegger, og at EG faktisk skal bere ein slik kjole om under eit år…

Utan at eg heilt veit kor eg skal begynne, så velger eg ut nokon kjolar og får god hjelp av betjeninga med av og påkledinga, og det tek tid, lang tid.

Her er nokon smakebitar frå brudekjoleprøvinga:
fin brudekjole, bryllup, bröllop, brudklänning, bröllopsklänning, fest, gift
fin brudekjole, bryllup, bröllop, brudklänning, bröllopsklänning, fest, gift
fin brudekjole, bryllup, bröllop, brudklänning, bröllopsklänning, fest, gift fin brudekjole, bryllup, bröllop, brudklänning, bröllopsklänning, fest, gift

Eg syns jo alle kjolane var veldig fine, men eit par falt vel meir i smak enn andre. Nå skal eg fortsette prøving av brudekjolar når eg er tilbake i Oslo, gleder meg…

Nå har me slått mange fluger i ein smekk i Halmstad syns eg, det gjeld å vera effektiv. Sjølv om fri frå ungane er luksus innimellom, var det veldig godt å kome heimatt til turbogutane mine.

/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: