Fascia-fokus på helgens skulderkurs!

Då har eg landa litt igjen etter helgens kurs på Oslo Naprapatklinikk. Det var ein spent gjeng som stod klare til å fylle på med ny kunnskap om kropp, og ikkje minst skuldra. Sjølv om kursdeltakerane var spente, var nok eg det aller mest. Dette har eg venta på lenge og gleda meg så til. Endeleg eit spennandes, og i høgste grad nyttig kurs for alle som jobbar med kropp.

ledd-skulder-lkurs-undervisning-fordypning-terapeut
Helgens kurs Skulderworkshop, bulk 1 av 5 leddkurs

Dag ein starta med generell info om skuldra, korleis den fungerer i kvardagen, og kva for plager som er vanlege når skuldra svik oss.
Helgens tema har vore korleis få ned smerte og bevegelses hinder som pasientane opplev nettopp kring dette viktige leddet.

etterutdanning-videreutdanning-skulder-terapeut-massør
Generell traksjon er ei god smertelindring for skuldra

For å kunne hjelpe klientar med konkrete plager er det viktig at terapeuten kan stille relevante spørsmål og utføre ein god klinisk undersøkning av klienten. Eg gjekk derfor igjennom testar som vil hjelpe klinikaren å sjå om det er kontraktilt, eller ikkje kontraktilt vev som er årsaka til enten smerta eller nedsett rørsle. Dei tre viktigaste testane for dette er aktive, passive og isometriske testar.

aktiv-kliniskt-test-skulder-terapeut-kurs
Her gjer eg ein aktiv utadrotasjon i skuldrene mine
klinisk-test-skulder-undersøkelse-kurs
Her testar eg klientens utadrotasjon i skuldra

Om du som klient kjem til ein terapeut med ei konkret plage, skal du vere kritisk om testing ikkje blir utført!

Fascia, like viktig å behandle som musklar og ledd
Dag to var ein ekstra spennandes dag. Dette skulle vere ein dag med masse praksis. Men fyrst hadde eg teori om kroppens største sanseorgan- Fascia, kroppens bindevev. Dette er eit område det har blitt lagt mykje større forsking og fokus på i seinare tid.
Og det er blitt funne mange mekanoreseptorar i all fascia i kroppen.

fascia-teknikker-kurs-oslo-skulder
Stimuler mekanoreseptorer i kroppen via fascia

Fascia finnes overalt i kroppen, mellom muskel og hud, mellom dei ulike musklane, i ligament, i leddkapsel, i aponeuroser osv. For at kroppen skal fungere optimalt er det viktig at kroppens bindevev også er avslappa og i god funksjon.

Ved å stimulere fascians ulike bestand delar med trykk, drag, vibrasjonar osv. så vil ein klare å stimulere områder av kroppen slik at både smerte minskar og bevegelse aukar. Og med helgens tema har då skuldra vore i fokus.

fascia-skulderkapsel-terapeut-kurs
Her viser eg ein god teknikk for økt beveglighet for skuldra.
fascia-stimulering-behandling-kurs-naprapat
Her påvirkar me ruffini mekanoreseptorer med trykk
kursdeltaker-skulderkurs-workshop-axelsons-oslo
Her er kursedeltakerane i full gang med behandlingsteknikkar
terapeut-kurs-fasciamanipulering
Her stimulerar med paccini mekanoreseptorane
øke-bevegelse-skulder-behandling-teknikk
Her jobbar me for å auke bevegelsen i skuldra

For meg som kurshaldar, naprapat, samt opptatt av trening og sunn mat så har eg som mål å servere sunn og god mat til kursdeltakarane mine. I dag stod heimelaga lasagne på menyen, den var laga med kyllingkjøttdeig og cottage cheese, og utan gluten. Rikard hadde baka glutenfri focaccia til oss, det var så godt!

kursmat-sunn-mat-glutenfri
Kursmat på gang! Bilde henta frå Instagram @monicaaschim
kursmat-lasagne-glutenfri-kurs
Velfortent lunsj!

/Monica ☺


Publisert

i

av

Stikkord: