Good vs. Bad!

Dette innlegget handlar om merkevarebygging og kaffe vs. Kaffe, burde nok treffe dei aller fleste!

Merkevarebygging er viktig, her spelar alt frå logo, kvalitet og pris inn.
Merkevarebygging er viktig, her spelar alt frå logo, kvalitet og pris inn.

Endeleg kom dagen. Starbucks opnar i Oslo, midt i kjerna av Oslo City. Eg hugsar eg satt meg opp på ein kampanje for nokon år sida, ” Få Starbucks til Norge”. Eg hadde gløymt heile tanken på Starbucks då det plutseleg opna på Gardermoen.

Eg starta heile min kaffedrikke greie då eg var 21 år, på den tida jobba eg som AuPair i Charlotte, USA. For meg og mine venninner blei Starbucks meir enn bare kaffe, det var samlingspunktet vårt- eit andre heim kan eg vel nesten sei. Så forventningane vart store då eg stilte meg i køen for å endeleg få Starbucks kaffe i Norge, men skuffelsen var stor. Skal ein kaffe verkeleg smake utvatna og brend på ein og sama gong? Eg vart forvirra!
Nokre veker etterpå skulle eg nok ein gong på Gardermoen, ei av mine beste veninner frå USA-tida skulle koma på besøk, eg måtte jo gje Starbucks ein sjanse til, men nei da, den gjekk i søpla denne gonga òg.

Når er det godt over 10 år sida eg kom heim frå Starbucks-land, og eg har fått smake godt kaffe mange plassar i Norge, så saknet har bare minka og minka for kvart år, og i Oslo har eg funne 3 skikkeleg gode kaffebarar, der Stockfleths er ein av dei.

Eg blir sur om eg får dårllig kaffe, kvalitet er viktig.
Eg blir sur om eg får dårllig kaffe, kvalitet er viktig.

Eg hadde eigentleg tenkt å boikotte Starbucks, fleire gonger har eg gått forbi den latterleg lange køen på Oslo City, men i går når eg gjekk forbi var det null kø. Eg måtte bare teste om det var ein Gardermoengreie å lage dårleg kaffe. Samtidig kjøpte eg meg ein liten havregrynsgrøt, og tenkte eg skulle gjere ein liten samanlikning med Stockfleths, som eg veit har god kaffe og god havregrynsgrøt.

Eg kjøpte liten cappucino, og ein grøt, som var bitteliten, dette kom på 72 kr, dagen etter kjøpte eg akkurat det same på Stockfleths, fikk ein mykje større grøt (som var varm og tilsett eplesider), dette kom på 61 kr. Sweet deal frå Stockfleths! Moglegvis litt mindre kaffe, men kvaliteten på den veg glatt over størrelsen. Grøten var latterlig liten på Starbucks, den var kald og smakte svært lite.

Kva vil eg nå fram til med alt dette? Dette handlar eigentleg om merkevarebygging, og det er noko alle bransjar må tenke på, om det så er ein kaffebar, frisørsalong eller ein klinikk. Starbucks har jo ein enorm fordel av å vere ein verdskjede som alle kjenner til, men rekk det å vere kjent? Eg meiner ikkje å skvise ut Starbucks frå Oslo, men eg håpar verkeleg ikkje at den dukkar opp på kvart eit hjørne. Og om dei skal nå gjennom hos kaffe elskerar, så må dei nok opp nokon hakk på kaffekvaliteten.

Me har fine klinikk klær med logo og tittel godt profilert, her med Naprapat på ryggen.
Me har fine klinikk klær med logo og tittel godt profilert, her med Naprapat på ryggen.

Har du som terapeut eiga klinikk, eller anna verksamhet, er dette med merkevarebygging viktig. Du er ikkje aleine der ute, du må gjere ein innsats og vise at du byr på noko spesielt, du må skilje deg ut, få fornøgde kundar, det er fyrst då du har eit godt varemerke å byggje vidare på!

Eg veit iallfall at når eg får ein god kaffe, så blir eg glad inni meg, ikkje skal eg sløse bort ein slik smaksopplevelse på dålig kaffe! Les meir om markedsføring under ”kurs” om du treng hjelp med struktur av merkesvarebygginga di, hjelpa er nærmare enn du trur ☺

/Monica


Publisert

i

av