Heilt perfekt…

 

Skulle ikkje tru det nei, å legge ut desse måla og personlege tinga er nok litt tøffare enn eg fyrst trudde det skulle bli. Det er med blanda følelsar eg drar målebandet rundt mage og hofte. Og ikkje minst kikkar ned på vekta som pendlar opp og ned føre den endeleg bestemmer seg….

selvtillitt, selvfölelse, slanking, komme til bake
Det er ikke alltid ein kjenner seg perfekt…

Kva skjedde?
For litt over ti år sida gjekk eg på folkehøgskule, fotolinje, og hadde eit utruleg artig år, og møtte det som på den tida var den store kjærleiken. Dette brast ikkje mange dagane etter skulen var over, og eg av ein eller anna grunn starta og svolte meg sjølv. Eg kom inn i ein ond sirkel som bestod av kaloriteljing, sjukleg trening, eller rettare sagt punktforbrenning av kroppen. Og ja, eg vart tynnare- veldig tynn, og magen var for fyrste gongen i livet mitt flat. Eg visste så inderleg godt at dette var feil, og ein situasjon eg aldri trudde eg skulle hamne i. Men nå stod eg der, og kikke på talla som pendla opp og ned- opp til fleire gonger om dagen…

Vendepunktet…
Eg studera eit år psykologi på NTNU året etter, og spiseforstyrrelsen var med meg heile det året. Og snill pike syndromet i meg, gjorde at eg skulle gjere alt perfekt, sjokket var stort då eg fekk tilbake ein eksamen- og eg hadde stryke, what? Det måtte vere feil, eg klaga, men fekk ikkje smigra til meg nokon betre karakter. Slag i trynet- ja absolutt, men på ein eller anna måte blei dette vendepunktet og eg tok meg saaaakte opp igjen frå den gropa eg hadde greve.

Så ja, det er med blanda følelsar eg i denne prosessen igjen kliver opp på vekta- eg har faktisk ikkje vore på ei einaste vekt sida tida mi i Trondheim, bortsett frå under graviditetane då. Sjølv om eg veit at eg er mykje sterkare denne gonga, så kjenner eg ein slags vemmelegheit, det sett jo i gang vonde følelsar i meg.

Klar for nye målingar
Nå er det september og det er tre månader sida sist eg gjorde dei fyrste kroppsmålingane mine, og september var satt opp som ny måle månad. Forrige helg hjalp Rikard meg, og målingane er jo til å smile av. Som eg har sagt tidlegar så skal (som du kanskje nå har forstått) eg ikkje henge meg så opp i vekta, men faktisk konsentrere meg på å forme kroppen til noko eg kan trivast meir i enn det eg gjorde for tre til fire månader sida.

bryllup, bröllop, viktnedgång, slanking, operasjon brudekjole
Mine nye mål, tre månader etter start.

Og sjå, hugsar du eg sa eg skulle gå all inn for å få ned magemålet mitt? Dette er eg faktisk veldig stolt av, tre cm inn rundt magen (eg målte der magen min var/er som størst)- veldig moro! Og alt går i eit normalt, sundt og fornuftig tempo- eg vil ikkje at dette skal bli eit slankehysteri- det har eg fått nok av. Men eg vil få inn sunne treningsvaner og ein kost som er til å bli sunn og frisk av.

Heilt perfekt…
Kven er det? Eller rettare sagt, kven er ikkje det… Eg prøvar alltid å sjå det beste i andre, det er kun mot oss sjølve me er så harde, snuoperasjon!
Håpar du gir meg ein high five fire månader inn i prosjektet mitt- Operasjon brudekjole er absolutt i gang! ☺

/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: