Møt Bono, eit stødig skjelett på fem hjul!

Denne helga har eg halde skulderkurs for terapeutar, og seint ute som eg alltid er forsøkte eg å finne eit skjelett til helgas workshop.

modell-full-størrelse-skjelett-undervisning-kropp-helseEtter å ha leita ei lita stund kom eg over ikkje bare eit skjelett på hjul, men ein deluxe modell av det elles så triste ranglete skjelettet. Etter litt søking på google fann eg dette deluxe skjelettet på nettsidene til Altius Gruppen.

Eg hadde bare ei veke på meg til skjelettet måtte stå klart på klinikken. Eg ringte til Altius gruppen og fekk veldig god service. Den hyggeleg og behjelpelige karen hos Altius gruppen skulle sørge for at skjelettet ville vera på plass i løpet av veka som var.

Må sei eg var litt nervøs når eg på fredag fortsatt stod utan skjelettet mitt på klinikken, men like sikkert som Darren på Altius gruppen hadde lova meg kom pakka trygt levert på klinikken vår halv fire fredag ettermiddag. Puh!

undervisning-klinikk-utsryr-skjelett
Skjelettet kom trygt fram, og på rett tid!

Da var det bare å skru samen knoklane, og resultatet er denne kjekkasen:
klinikk-skjelett-forhandler-delux

Hjelp til navn…
Eg la ut på Facebook og Instagram at karen behøvde navn, og eg fekk inn nokon fine forslag: Beinert, Jan Teigen, Eivind Beinlaus, Svein Bein, Skjelettor, Oskar, Benjamin og Røde Klara. Eg måtte bruke helga på å bli kjente med han, og skjelettet har nå fått navnet ”Bono”, eg er svært fornøgd!
Bono Skjelett

Bono, eit skjelett for alle!
Bona er eit skjelett på 170 cm, beina er i ca. same vekt som i ein verkeleg kropp.
Den eine sida av skjelettet ser ein dei perifere ledda med tilhøyrande ligament.
led-skulder-ligament-modell

Den andre sida er tydeleg markert med rødt og blått for muskulaturens utspring og feste.
undervisning-modell-kropp-skulder-muskler
Alle ledd går å bevege, så vel ryggrad som kjeve.
Ryggraden har alle tilhørande mellom virvelskiver på plass, samt illustrasjon av et prolaps i korsryggen. Som eg seier, denne skjelettmodellen har alt.
Skjelettet er lett å flytte på med sine fem hjul. Dette er nesten ein selvfølge å ha på dei fleste klinikkar og undervisningsplassar, absolutt å anbefale.
Les meir om skjelettet på Altius Gruppen sine heimesider.

/Monica ☺


Publisert

i

av

Stikkord: