Motto: Ver ein aktiv, ikkje passiv deltakar!

I helga var me på tur til mine heimtrakter, vakre og idylliske Kviteseid i Telemark. Været kunne ikkje ha blitt betre. Strålande sol og varme. Må sei turen heim denne gonga vekte gamle minner til liv. Tida då eg sprang rundt og leika detektiv, då eg skulle redde bygdas innbyggarar med å legge fluortablettar i bekken som rann ut i fjorden. Og tida då eg spela fotball og heldt på med styrketrening og spensttrening på skuleplassen.

Filip syklar uten støttehjul for fyrste gong. Det blei mange sykkelturar i helga!
Filip syklar uten støttehjul for fyrste gong. Det blei mange sykkelturar i helga!

Fyrste sykkeltur utan støttehjul
For Filip (4) blei helgas Kviteseidtur stor stas. Me tok med den nye sykkelen hans, og tok ein sjanse på å droppe støttehjula, noko han ikkje var heilt einig i. Det var med stor spenning hos oss alle då han sparka seg i veg som på den gamle balansesykkelen, og vips så tok han sine fyrste tråkk- utan støttehjul, og han bare fortsette. Ikkje skjøna me noko om kva som skjedde, men eit sådd frø blomstra til full blom, og helga blei den store utpåsykkelturutenstøttehjulturen ☺

Emil trena balanse medan Filip sykla.
Emil trena balanse medan Filip sykla.

Emil fikk og sin dose balansetrening. Bestefar hadde ein kjekk liten hest hos seg, og den kunne brukas til å øve balanse på. For han var nok dette like stas som storebror sin fyrste sykkeltur.

Helgas treningsøkt
Bortsett frå å springe etter ein ivrig gut på sykkel, fikk me og til ein kjekk treningsøkt på skuleplassen. Det blei nok ein gong høgintensivtrening, slik som hagetreninga forrige veke. Me burka dei lange trappene til spensttrening, bord som hjelp til push-ups og klatrestativa til å gjere andre styrkeøvelsar. Treninga blei litt impulsiv, så det blei dessverre ikkje bilde av øvingane. Filip var med oss heile tida og leika rundt på leikeplassen, og me fikk fint finne oss i å delta i leikar som både Kaptein Sabeltann og ikkje trå i ”vatnet”. ☺

Perfekt helg, med ein perfekt avslutting!
Helga i Kviteseid blei ei helg fylt med uteaktivitetar. På veg heim att søndagskveld blei det stopp i Kongsberg for ein liten matbit. Og kva var vel ikkje beder enn å avslutte dagen og helga med hopping på denne hoppeputa.

Kva er vel ikkje bedre enn å hoppe med barna i solnedgang :)
Kva er vel ikkje betre enn å hoppe med barna i solnedgang!

Som sagt: Ver ein aktiv, ikkje passiv deltakar verken i ditt eller unganes kvardag.


Publisert

i

av

Stikkord: