Ny inspirasjon til bryllup

Tidlig lørdag, kl. 05.00 for å vere heilt presis, stod me opp for å ta oss til Gardermoen og vidare til Stockholm. Mamma hadde komme til Oslo for å ta seg av turbogutta samen med lille syster mi.

Me var nok ein gang på veg til eit bryllup, og synes det er veldig passandes å få to kjappe bryllup (var i eit i august også) til inspirasjon føre me sjølv skal ordne med vårt eige bryllup neste år.
På veg til Stockholm

Me kom tidleg til Stockholm og passa på å mimre litt tilbake til studietida Rikard og eg hadde når me studera på Naprapathögskolan, veldig koselig. Elles fekk me shoppa litt, masse nye barnehageklede.
Shopping i Stockholm
Og me snubla også innom ein bryllupsbutikk på Drottningsgatan. Fann ein super fin kjole, som i tillegg var på sal, men kjenner det er veldig vanskeleg å bare ta ein slik hastig avgjersle, så med is i magen leitar eg litt vidare.

Utpå dagen kom me oss til Scandic hotell i Sollentuna og fekk fresha oss opp litt føre bryllupsfesten skulle starte. Eg hadde store problem med å finne meg festkjole til bryllupet me var på i sommar, men kom til slutt over to kjolar eg lika godt. Eg kjøpte den eine, og fekk plutselig den andre i gåve av Rikard, perfekt til kveldens fest!
Min festkjole
Klar for bryllupsfest
Finskoa på

Rikard snart klar for fest!
Rikard snart klar for fest!

Me kom fram til Viby Herrgård der festen skulle vera, og det var så utruleg fint.

bröllop, bryllup, fest
Viby Herrgård

Inne hadde dei pynta og gjort det skikkelig koselig. Maten bestod av ulike kald rettar på eit buffébord. Alt var super godt!
dekorasjon, dekoration, fest, pynt,
bordsdekking, pyt, bryllup, bröllop, middag, inspirasjon
Buffebordet

Dagen etter, ganske slitne vel og merke tok me oss tilbake til Stockholm for litt meir shopping, og lunsj med eit vennepar. Dei tok oss til ein hotell restaurant som serverar veldig god brunch, Björk Grill och bar på Fridhemsplan. Brunchen bestod av ulike varm og kalde rettar på eit buffébord.
brunch, björk, grill, bar, stockholm, fridhemsplan, marriott, hotel
Fin innredning på Björk bar och grill

Venneparet vår skal gifte seg bare ein månad etter oss, så me hadde masse å prate om. No, vel heime att i Oslo sitt me igjen med masse ny inspirasjon til planlegginga av maibryllupet vårt, så nå skal eg sette i gang med litt invitasjonskort research.

/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: