Operasjon brudekjole er i gang!

Nå har eg blogga om både bryllup, trening, og jobb. Eg har snakka mykje om viktigheita med å sette seg mål, men ikkje nemnt mine eigne noko nærmare. Nå er timar med hard planlegging i boks ☺ For meg handlar «Operasjon brudekjole» fyrst og fremst om å koma inn i kjolen, meir om sjølve bryllupskjolen kjem seinare.

Bryllupskjole, Trening
Farvel til dette, nå skal ting og tang strammas opp ja.

For deg som har lest meir om meg og ”operasjon brudekjole”, så handlar treninga mi mykje om å få den til enkelt i ein travel kvardag, samt at eg skal komme i form slik eg var for nokre år tilbake, samt til bryllupet mitt som skal stå 31. Mai 2014. Mange vil sei at eg har god tid, og det er eg fullstendig klar over, men eg veit også at å drive eigen klinikk og vera småbarnsmor vil by på litt humpar og dumpar langs vegen. Derfor behøver eg realistiske mål, med realistisk tidsperspektiv, samtidig ønskjer eg meg treningsrutiner som vil fungere i kvardagen, sjølv etter bryllupsdagen min.

Den grusomme vekta!
Eg har aldri vore glad i å vega meg, men skal gjere det no slik at leserane mine kan følgje med på utviklinga mi. Sjølv om bilde seier mykje, veit eg at leserar ofte kan forholda seg betre til tall, eg stiller meg derfor motvillig på vekta i dag for å dokumenterer dette. Tek samtidig midjemål og hoftemål. Det eg derimot er meir opptatt av er korleis kroppen min skal forandre seg i form. Personleg er måla mine å få meir definera armar, mindre og fastare mage, og strammare rumpe.

Dette var kjipe tall, vekta var overraskande mindre enn eg trudde. Omkretsa var det værre med, og her gjeng eg "all in" for å få ned midjeomkretsen
Dette var kjipe tall, vekta var overraskande mindre enn eg trudde. Omkretsa var det værre med, og her gjeng eg «all in» for å få ned midjeomkretsen

Oppdaga nettopp at midjemålet mitt kan vera litt missvisande, kjem med rettelse på dette imorgo, men uansett kor du velger å måle deg så gjer det på sama plass ved kvar målning!

Viktig å ikkje bare måle vekta!
Nå er det slik at eg syns trening både er viktig og moro, derfor vil eg også ha ulike mål i forhold til idrettslige prestasjonar. Dette er bra både for motivering og ha noko å sjå fram i mot. Juni månad vil vere ein «base-line» månad for meg, der eg skal teste meg i tre ulike idrettsaktivitetar på tid, som blir utgangspunktet for å måle mine forbetringar framover.
Dei tre aktivitetane eg skal ha med i målplanane mine er ”Brudesløret”- løping 5,4 km, sykling (heimafrå tur/retur Mariholtet, ca 2 mil) og ein satt høg intensiv trening med styrke, der eg skal måle tida er brukar på ei satt runde med ulike øvelsar. Oversikt kjem seinare denne veka!
Målingane blir dokumentera nå i juni, som blir utgangspunkta, nye målingar tre gonget til, der siste blir rundt mai 2014. Mogleg det også blir ein måling av ski i løpet av vinteren, må tenke litt på den ☺
/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: