Operasjon Brudekjole

Jepp, om eit år må den sitte som smekk, dette skal eg klare!

Ok, eg har no passera 30 år, og fått to fantastiske gutar. Det er nok mange som kjenner igjen den travle kvardagen småbarnslivet byr på. Og eg som alltid har vore opptatt av trening, noko eg fortsatt er, men det har dessverre blitt nedprioritera framfor familie. Ikkje bare har småbarnslivet vore travelt, men eg har midt oppe i alt detta bygd opp bedrifta mi, og eg skal innrømma at detta har tatt mykje tid og fokus.

No skal eg vera litt hyklande her, kvende som eg er, og klage på ein kropp som ikkje er der ein heilt hadde håpa på etter at siste guten kom til verda. Eg har alltid hatt litt mage, som tydelegvis ikkje blei noko mindre etter to svangerskap. Etter fyrste var det ganske lett å prioritere trening. Filip blei titt og ofte lagt i vogna og humpa med på joggeturar og boot camp langs vegen. Etter minstemann kom til verda var det plutselig ein anna kvardag. Og kvar gong eg kom meg ut på trening, stod magen ut som ein ballong, følte som eg var gravid i 7 månad igjen. Noko som gjorde meg frustrert, vanvitig demotivera og faktisk ganske lei meg.
Men nå er det nå slik at magen er der, og eg må bare gjera det beste ut av det. Det skal seiast at eg har trena heile tida, men bare sporadisk, og treninga har komme langt bak på prioriteringslista mi. Og det er no detta skal snu!

Her er min kjære Rikard, bilde tatt på ferie i Charlotte, NC, USA november 2012
Her er min kjære Rikard, bilde tatt på ferie i Charlotte, NC, USA november 2012

Om eit år skal eg stå brud, fnis, ja tenk det. Rikard og eg har vore forlova i to år no, men tid til noko bryllaup har det ikkje vore. Men nå blir det alvor ut av saken, mai neste år skal me endeleg gje kvarandre vår ja. Fnis igjen! Nå føler eg at gutane er mindre avhengig av meg, og at bedrifta er meir eller mindre sjølvgåande, så nå kan endeleg neste prosjekt begynne, get fit again! Sjølv om treninga er meir stabil nå, så føler eg at eg er langt ifrå der eg vil vera reint kropp- og helse messig når eg om eit år skal stå brud.

På sykkeltur med familien 18 Mai 2013. Lillomarka rundt, med feilkjøringer 44,3 km
På sykkeltur med familien 18 Mai 2013. Lillomarka rundt, med feilkjøringar 44,3 km.

Så no skal eg prioritere meg sjølv til ein forandring, som eg skreiv innleiande ”operasjon brudekjole”, kunne likså godt ha heitt ”operasjon get fit again” eller enda meir korrekt, ”operasjon meg sjølv”!
I jobben min er eg veldig opptatt av mål, planlegging, og kartlegging av resultat. Og det er nettopp detta eg skal gjerna no. Alt skal planleggast, eg skal ha mål, undervegs fleire delmål. Og at det startas no eit år før bryllaupet er med min fullaste bevissthet. Eg vil skape ein sunn og vedvarande forandring i min kvardag, der fordeling av jobb, familie og trening kjem i balanse. Så målet mitt skal væra ein kvardag der eg legg meir vekt på meg sjølv og treningsvaner, og at dessa forandringane skal fortsette å vare i tida som kjem etter bryllaupet óg.

Meld deg på i dag for inspirasjon og eit opplegg tilpassa deg! Eg er sikker på at det er fleire som meg der ute, og eg håpar at eg kan få med meg enda fleir på mitt ”Operasjon bryllup”/”operasjon get fit”/”operasjon meg sjølv” -konsept, det hadde vore utruleg moro!
Eg kjem undervegs til å oppdatere om opplegget mitt, og by på litt gratis tips, og for deg som vil følgje heile opplegget mitt så skriv deg bare opp på lista for meir informasjon.

Eg kjem til å variere styrke-, kondisjon-, og coretrening for å oppnå mitt mål. Som sagt håpar eg å få med meg fleir på prosjektet mitt, så meld deg på idag!
Eg kjem til å variere styrke-, kondisjon-, og coretrening for å oppnå mitt mål. Som sagt håpar eg å få med meg fleir på prosjektet mitt, så meld deg på idag!

Konkurranse: Eg skulle gjerne ønske å ha med meg tre personar som av ein eller anna grunn vil forandre på prioriteringslista si og få hjelp med trening og helse. Du vil få heile trenings-/kost-/helseopplegg mitt heilt gratis, fire gonger på eit år samlas me og har felles inspirasjon og treningscamp. Send meg en e-post i linken nederst på sida og beskriv kvifor eg skal velje nettopp deg!


Publisert

i

av

Stikkord: