Sjekk pulsen der du er i sommar!

Nå er tilbodet om gratis løpetrening hos oss på Oslo Naprapatklinikk over for i sommar, nye moglegheiter til hausten.

Gratis utetrening i sommar!
Eg hadde ein PT time med ein klient på Friskis & Svettis mandag denne veka, og såg dei reklamerte for gratis gruppetrening i Frognerparken kvar mandag kl 17-18 i heile sommar, uansett vær!

Så kvifor ikkje sjekke pulsen i Frognerparken fyrstkommande mandag? Eg skal iallfall og har fått med meg lillesyster, gledar meg!

Under ser du nokon bilder frå tidlegare treningar frå Friskis & Svettis i parken, bilda er lånt av treningssenteret.

Gratis träning, gratis trening, gruppetrening, sommertrening, utetrening

Tidlegare utetrening med Friskis & Svettis i Frognerparken, Oslo

sirkeltrening, utetrening, frognerparken

Mandag 8. Juli er det sirkeltrening på programmet i Frognerparken, eg skal med! Bli med du også…..

Utetrening med Friskis & Svettis Norge
For deg som ikkje bur i Oslo tilbyr Friskis & Svettis tilsvarande utetrening i andre byar, sjekk Friskis & Svettis sine heimesider for oversikt. Legg gjerne att ein kommentar i kommentarfeltet om du veit om gratis trening i ditt nærmiljø ☺
Eg har trena med Friskis & Svettis i Tresse, Kristiansand så der er dei garantert i år også.

Utetrening med Friskis & Svettis Sverige
For mine Svenske leserar kan du sjekke den svenske heimesida her. Eg har tidligare trena ute i Falkenberg, men finnes garantert fleir plassar!

Og forresten…
Ikkje gløym sommar konkurransen min, knips deg sjølv i sommar aktivitet, del den på facebook sida mi eller med #aktivsommar2013 på Instagram eller Twitter. Les meir om konkurransen her.

Eg kjem sjølvsagt tilbake med bilder frå treninga i Frognerparken til mandag!

Er du interessera av Personlig Trening med ein av våre Naprapater på Oslo Naprapatklinikk, klikk her.

/Monica

Comments

comments

Comments are closed.

Share This