Stor sjarm i lille Kviteseid

I morgo dreg me vidare til Varberg i Sverige, Danmarksturen me hadde tenkt å ta, droppa me lett etter varmen og stemninga me opplevde heime i Kviteseid i Telemark denne gonga. Det som skulle bli ei langhelg, har no vara i over ei veke.

Me har gjort mykje moro denne veka, noko eg skal skrive om snart, men fyrst vil eg lage eit lite innlegg om ein ny oppleving for mange i den lille bygda vår- Kafe Hvidesøe.

Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat
Kafe Hvidesøe i Kviteseid

Kviteseid er ikkje bortskjemt med ein frisk bris som denne, ein kafe full av sjarm, nostalgi og spennandes interiør og meny. Eg blei full av gode følelsar når eg for fyrste gong satt mine føtar i Elisabeth si lille kryp inn i går. Eg spurte ho fint om eg fekk lov å koma tilbake og ta litt bilder og skrive litt om kafen og drømmen hennar.

Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat
Venninna mi Signe og eg nyt oliven og vin

Frisk pust
Med heile 30 grader i Kviteseidbyen i dag var det godt å ta seg ein liten frisk pust hos Elisabeth og Kafe Hvidesøe. Medan ho lagar kaffe til oss frå den nye maskina si fortel ho at etter å ha reist litt rundt i verda, budd fleire år i Oslo, så følte ho at ho ville realisere ein drøm ho hadde bært på lenge, å opne ein kafe.

Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat
Ny laga kaffe
Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat
Me møter på ei hyggeleg betjening på Kafe Hvidesøe

Elisabeth er nyleg utdanna lærar, men følte ho ville gjere noko heilt ana og få meir erfaring, og då fall valet på nettopp denne drømmen, og nettopp Kviteseid, der ho no har fått liv igjen i eit sjarmerandes bygg. Faktisk har dette bygget tidlegare vore eit bakeri- Jacobsen Bakeri (som eg sjølv så vidt hugsar frå er var lita jente).

Eg tek meg ein liten knipse runde rundt i kafeen hennar

Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat
Spennandes innredning

Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat

Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat
Heimekoseleg kafé
Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat, kunst
Lokaljente fyller liv på veggane, av Bibbi Omtveit

Me snakkar litt om kva ho har tenkt med kafeen sin, ho fortel at ho ønskjer å sprei rundt seg med god ,næringsrik og nyttig mat, som er laga frå bunden av. Samt ein meny som gjerne varierer frå årstid og kva råvarer ho til ein kvar tid har for hand.

Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat
Elisabeth satsar på heimelaga og nyttig mat
Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat, norgesglass
Norgesglass kjem til nytte igen, bror til Elisabeth har satt sitt ljospreg

Igjen kjenner eg at eg blir glad- dette er verkeleg noko eg har trua på, og jippi- ikkje noko halv fabrikat, me får vel nok konserveringsmiddel i oss. Dette håpar eg bygda tek i mot med iver og nysgjerrighet!

Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat
Ingenting er som heimelaga…

Me snakkar og litt om marknadsføring, som du kanskje har fått med deg så er eg jo veldig opptatt av dette, ein rød tråd, gjerne ei nisje, samt at du får fram bodskapen din.
Elisabeth fortel at ho har opna ein instagramkonto og har Facebookside, og det var faktisk nettopp der eg fekk høyre om Elisabeth og Kafe Hvidesøe for snart to veker sida.

Så då er det bare å hashtagge #kafehvidesøe neste gong du tek turen dit, så er eg sikker på at Elisabeth fortsetter å komme med friske smårettar og drikker til ”byen” ☺

Telemark, Telemarkskanalen, Vest-Telemark, kafé, mat
Skål!

Lykke til Elisabeth!

/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: