Tid for trening og ny inspirasjon?

Hei og velkommen til min informasjonsside om trening, kurs for terapeutar og alle. Moro at du fann vegen hit!

Eg er ei travel tobarnsmamma, som driv eigen klinikk, så trening som blir lagt ut her vil vera av den enklare karakter. For meg handlar trening om at det skal vera effektivt og gjennomfør bart. Å koma seg til eit treningssenter er for dei aller fleste ikkje mogleg. Og tru det eller ei, men du kan få gjort mykje på stuegolvet, i hagen og ute i skogen, å vera kreativ er nykkelordet.

Eit anna knep er å inkludere familien, gjer aktivitetar saman. Ta med deg barna på sykkel og joggeturar. Ikkje sjå begrensningane, heller løysningane. Lag deg ei hinderløype i hagen, leik sisten med barna, inkluder barna i rokkering-treninga di. Du vil sjå at det ikkje er så verst og trene likevel ☺

Eg er sjølv i ein liten om rokkering-situasjon, les meir under ”Operasjon Brudekjole”, der treninga skal bli eit større fokus i kvardagen min, så du vil få mykje ”lettvind” trenings inspirasjon på sida mi framover.

Ellers tilbyr eg fine behandlingskurs for terapeutar, desse er vektlagt anatomi, undersøkingar og behandlingsteknikkar. Eit nytt og spennande kurs i sommar er eit markedsføringskurs. Så Stay tuned!

Eg held og kurs i ”massasjekurs for 2” og ”babymassasje”, nye kursdatoar kjem frå hausten av.

Andre kurs blir også halde for deg som treng hjelp og inspirasjon til trening. Les meir under sida Trening og Kurs for alle.


Publisert

i

av