Trena med døtt kjøtt

Vakna som eit slakt i dag med to super energiske gutar hoppandes på meg. Filip påstod at sola hadde stått opp og at barne tv hadde starta, så det var bare å stå opp. Kjente at å ha to høglydte Duracell gutar i senga kl. seks på morgonen var litt for mykje akkurat i dag.

Rikard og eg hadde planlagt ein løpetur i Kinnaström på formiddagen, plutseleg innsåg eg at det nok blei eit og anna glas for mykje i går. Svigermor passa på at vinglaset aldri var tomt, og sjølv var ikkje smart nok til å sei stopp.

Skal, skal ikkje?
Må sei at fristelsen til å droppe løpetreninga var veldig nære, ikkje bare var kroppen heilt dø, men været ute var heller ikkje veldig opplyftande, kvart andre minutt var det som heile himmelen opna seg. Men heldigvis tok fornufta overhand, og eg kom til å tenke på alle måla mine og at eg ikkje skal avvike frå treninga på grunn av dårlege unnskyldningar.
Løpetrening

Ikkje akkurat effektiv treningsøkt
Eg visste at dette ikkje kom til å bli min mest effektive treningsøkt, men tenkte iallfall at det sikkert ikkje var dumt å få lufta den daude kroppen litt. Målet var å holde et veldig rolig tempo, gå om eg måtte det, og ta runda på 6,5km. Sjølv om økta i seg sjølv ikkje var som trening å kalle, så føler eg at eg oppnådde fleire ting. 1. Eg fekk lufta meg 2. Ingen dålig samvittigheit for å droppe treninga 3. Nye idear og tankar både for klinikken og bloggen blussa til i hodet 4. Eg blei mykje piggare og vaknare etterpå 5. Ungane fekk kvalitetstid med svigermor 6. Eg fekk meg litt pause frå to (følte som ti) intense gutar.

Så for deg som droppar trening av ulike grunnar, bare kast deg i det, det vil garantert kome noko godt ut av det. Eg er iallfall glad eg sparka meg sjølv i baken og kom meg ut!

Gratisk løpe- og styrketrening med Oslo Naprapatklinikk
For Oslo–leserar, ikkje gløym Oslo Naprapatklinikk si Gratis løpe– og styrketrening imorgo.

Andre høgdepunkt frå helga vår i Sverige
Ellers var helga fylt med den tradisjonelle og veldig fine Svenske feiringa Midtsommar.
Det var dans rundt midsommarstanga og masse god mat. Me tok også med gutane på ulike turistattraksjonar. Under ser du litt bilder frå helga vår.

Midtsommar, dans, midsommarstång
Midtsommarfeiring i Floda, Sverige
Midsommar Sverige
Litt regn måtte me rekne med, me tek dekning under eit tre.
Midtsommar, mat
Nå blir det nypotatis, sild og prinskorv og kjøttbullar, nam
Midtsommar, tårta, kake
Johanna lagar alltid gode kaker. Denne er til og med laktosefri

Søndag fiksa svigermor meg i håret, nye striper og friske tuppar. Me tok oss også ein tur til Hanatorp camping og kosa oss med leik, strandpromenade og glass!

Hanatorp camping
Emil har fått kongeplassen
Hanatorp camping
Filip skreiv bokstavar i sanden, det var moro!
Hanatorp camping
Det var ei laaang trapp opp, men utsikten var flott.

Håpar du og har hatt ei fin helg!
/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: