Treningshelg blei redda i siste sekund!

Frustrasjonen var stor då eg i dag var heilt tett i topplokket, og ein hei dundrenes hodepine, og sprengandes bihuler som følte som skulle sprette augo ut av posisjon. Ja, allergi er verkeleg å underskatte før ein har prøvd det ut sjølv.

I hodet mitt var det ein krig med tankar: ikkje tid til dette no, må pleie sjuk Emil,
må blogge, må jobbe, må trene, måmåmå. Skulle helgas treningsweekend bli øydelagt av pollenderandes organismar i lufta?

Akupunktur, Allergi, Hodepine,
Her reddar akupunkturen min Anne Mette treningshelga mi. Takk!

Eg tok ein sjanse, sms’a akupunktøren på jobb, som flaks for meg hadde ein ledig time i ettermiddag. Og nå seks timer etterpå er eg som eit nytt menneske, eg føler eg blei redda av ein engel, nå er eg klar for årets ShapeUp weekend på Geilo.

Eller som eg las i siste nyhetsbrevet frå ShapeUp, der dei kallar helga for ”kom i bikiniform”, da antar eg dei meiner neste sommars bikinisesong, då er eg i rute!

Uansett bikiniform eller ikkje, trykket har letta i topplokket, allergien er under kontroll og eg og Linda er klare for årets fyrste treningsweekend, fylt med bootcamp, løyping, spinning og andre godbitar. Geilo og Vestlia here we come, me gler kånn (oss)!


Publisert

i

av

Stikkord: