Vegen tilbake- heilt uperfekt

For nokre dagar sida skreiv eg om tida då eg havna i kalorihelvetet. I ein alder av 20 fekk eg plutselig for meg å behandle kroppen min som DRITT…. Eg av alle- eg hadde jo aldri forstått kvifor unge menneske gjorde dette mot seg sjølv.

Alt matstyret starta etter eit BRUDD, eg var så klart veldig lei meg, og trur på ein eller anna måte at eg ville straffe meg sjølv. Eg har nok alltid lidd av det å skulle gjere ting 100 % perfekt, og plutseleg stod eg der og var blitt dumpa, det var jo ikkje planen…

Følelse av kontroll
For meg trur eg det blei det eit prosjekt som eg handla mykje om kontroll, eg kunne styre dette akkurat slik eg ville. Eg var heilt oppslukt i mat, matlaging, kaloriar, men ingenting skulle ned. Eg gav meg sjølv lov å smake på ting, men det var få ting som fekk passere spiserøret, det var jo då kaloriane begynte å telle…

Meg få månader etter USA ankomst, vegen tilbake er i gang...
Meg få månader etter USA ankomst, vegen tilbake er i gang…

Det var under studieåret mitt i Trondheim som alt stod på som værst. Eg budde saman med to fantastisk gode venninner, eg er sikker på at det er dei som gjorde at fallet ikkje blei så stort som det kunne ha blitt. Dei pusha meg aldri, gjorde aldri noko opprør med meg, men eg trur at måten dei levde på i forhold til mat og matlaging gjorde noko med underbevisstheita mi. Dei var sunne forbilde som eg nok kan takke stort for i dag.

Vendepunktet…
Året mitt i Trondheim studera eg på NTNU, psykologi grunnfag. Og eg la som vanleg 100 % på studia, var på alt av undervisning, og gjorde alt grundig, så sjokket var enormt da eg strøyk på den eine eksamen. MEN sjølv om det var eit slag i trynet, var dette vendepunktet. Eg innsåg at mitt lille anoreksiprosjekt tok altfor mykje tid, krefter og konsentrasjon frå meg. Eg skjønna at dette ikkje kom til å ta meg til noko anna plass en langt under overflata. Det var då klatringa tilbake til meg sjølv, sunne og aktive Monica starta…

Pause- og ein ny start
Under året mitt i Trondheim hadde eg bestemt meg for å følgje drømmen min om å hjelpe andre mennesker og jobbe med kropp- eg ville til Stockholm og utdanne meg til naprapat. Men på det tidspunktet kjente eg at kroppen behøvde pause frå alt som hadde med prestasjonar å gjere. Eg behøvde ei pause. Høsten 2001 pakka eg kofferten min og drog til USA for å finne meg sjølv att, dette året var verkeleg rekreasjon for kropp og sjel. Eg blei litt over eit år i North Carolina og jobba som Aupair. Året i USA var bare heilt fantastisk, det var ingen press, eg kunne verkeleg fokusere på å finne meg sjølv og bli frisk igjen.

monica-aschim-usa-aupair-blogg
Fantastiske venner som hjalp meg tilbake

Mitt år som Aupair gav mange nye venner, flotte reiser og opplevelsar- og ny start!
Mitt år som Aupair gav mange nye venner, flotte reiser og opplevelsar- og ny start!

Du er DU og perfekt for dei rundt deg
Sjølv om eg var gjennom dette helvetet med å miste meg sjølv, føler eg likevel at det har ført til noko godt, positivt og lærerikt. Eg har verkeleg jobba veldig med å ikkje alltid skulle være så perfekt- det fører ikkje til nokon ting- bare stress, press og frustrasjon.
Eg har lært å heller fokusere på viktige ting, ting som får meg til å føle meg bra- rett og slett drite litt i kva omverden trur og tenker om meg. For mest sannsynleg sitt alle slike tankar bare i hodene våre likevel- du er perfekt for alle rundt deg uansett, og er du ikkje det, er DEI ikkje verdt tida di!

Heilt uperfekt!
Eg havnar i denne ”gjere alt perfekt” fella stadig vekk, det er jo tross alt den eg er, men bare det å kjenne at ein kan klare å sleppe taket innimellom er så befriende.

Meg heilt perfekt...
Meg heilt perfekt…

Er det ikkje på tide at me snur ” ha større og betre enn nabo”-trenden, kva godt kjem ut av det?

Ver snill mot deg sjølv og gi deg sjølv tre gode komplement kvar einaste dag!

Klem Monica


Publisert

i

,

av

Stikkord: