Spis & Deli, god og nyttig mat!

For akkurat to veker sida fekk Rikard og eg eit heilt døgn saman, utan gutane våre. Då passa me på å ta ei Hotell natt i Halmstad, ikkje langt frå Varberg. Og me benytta moglegheita til å planlegge bryllupet vårt som skal stå 31 mai neste år. Du kan lese meir om dette her.

Når me var i Halmstad åt me så klart alle måltider ute, og det er ei lita utfordring då verken Rikard eller eg et gluten. Lykka var stor då me endeleg fann ein pizzarestaurant som sa dei hadde glutenfri pizza. Me bestilte både pizza og drikke, og etter ei lita stund kom servitrisa tuslande tilbake og beklaga seg, men dei var dessverre tomme for glutenfrie pizzaer.

Og der var plutseleg Spis & Deli…
Skrubb svoltne som me var, og veldig skuffa gjekk me ut på gata igjen. Plutseleg bare 50 m lengre opp i gata fekk me auga på ”Spis & Deli” og eg følte det var noko med den restauranten med ein gong.
Varberg-god-mat-nyttig-hälsorik-blogg

Me stod nå i ein restaurant/ kafé med masse fint interiør, og me fekk med eit ein varm heimefølelse. Ved kasseområdet var alt super fresht og delikat, men av ein eller anna grunn fekk eg litt følelse av ”snabb mat”, bare i ein mykje meir innbydande form.

spisdeli-halmstad-varberg-glutenfri-hamburgare-mat

Sjarm og koselig innredd.


spisdeli-mysigt-interiör-nyttig
spisdeli-interiör-mysigt-mat-restaurang

Me la fort merke til at all mat var gjort frå dei beste råvarene, samt heilt giftfri, og tenke at då er kanskje sjansen for glutenfritt tilstade. På den digitale menytavla såg eg bilde av mat som såg sunn og frisk ut. Og til vår store lettelse hadde dei glutenfrie burgerar, me tok ein med laks og ein med viltkjøtt. Me fikk maten servera i ein brun boks, med masse frisk salat og rot grønsaker, og maten var SUPER god.

glutenfri mat, restaurang, blogg, spisested, sverige

Eg åt denne gode viltburgeren, heilt glutenfri!

Opphavet til Spis & Deli
Me fekk snakka litt med dagleg leiar, som fortalte litt kring Spis & Deli, som faktisk oppstod som eit resultat av fleire teikn på dårleg helse hos travtrener Marcus Lindgren. Han oppdaga etterkvart at mykje av det han fekk i seg virka som gifter i kroppen, som faktisk fekk han til å bli ”sjuk”. Og eg kjenner meg jo litt att i det, etter å ha kjent på kroppen kva glutenfri og til stor grad laktosefri kost har gjor for meg.

Etter å ha jobba med konseptet i nokon år, gjort mykje research, samt komme fram til sunne og smaksrike rettar heilt utan giftstoff så opna Marcus sin fyrste Spis & Deli i Halmstad, den me nettopp stod i. Me blir også fortalt at dei nyleg har opna ein Spis & Deli i Varberg òg, som me dessverre ikkje rakk å besøke, men forhåpentlegvis til neste år…..

Spis & Deli, eit nytt og spennande konsept

I hyllene inne på Spis & Deli finn me mykje spennandes, både til å eta, drikke og lese…
spisdeli,berries,sunn,mat
spisdeli,ispiration,flaskor, rent vatten
Gründeren av kafeen har under reisa si frå å vera i et stadie med fleire vondter og plager i kroppen, og vegen frå å komme på kva som gjorde han dåleg og til det som har gjort at han har kunne fungere normalt igjen står vel beskrive i ei bok med tittel: ”Kärlek, vatten & snabbmat- en matkedjas vision för en friskare värd!”
marcus,lindgren,spis,deli,bok

Ein naprapat er alltid god å ha!
Når eg les boka kjem eg over noko interessant, det visar seg at ein av dei fyrste til å hjelpe Marcus til eit nyare og sunnare livet faktisk var ein naprapat, som også hjalp han med ei langvarig rygghistorie som var diagnostisera som prolaps (diskbråck), men som visa seg å vera ein heilt vanleg (men godt rotfesta) ryggkink (ryggskott, hekseskudd, lumbago). High five til deg Nikola Tramontana.
naprapat,marcus,lindgren,kost

Spis & Deli blei kåra til årets restaurant i 2011
årets,restaurang,halmstad, spis&deli

Inspirasjon til nyttig kursmat!
Som ein inspirasjon frå dette besøket og etter å ha lese boka over, har eg fått litt funderingar kring maten eg kjøper inn til kursdeltakerane mine. Og har komme fram til at eg vil i mykje større grad forberede god og sunn mat heim, som me kan nyte godt av under kursdagane. Borte bra- men heimelaga best!

/Monica

Comments

comments

Comments are closed.

Share This