Fint folk brukar komma sist…

Nå var dessverre ferien over for vår del. Det positive er at me skal få gutane tilbake til normale rutinar, og Emil til å sove i eiga seng att.
Og eg kan endeleg få jobbe vidare med blogg, kursvirksomhet, markedsføring og diverse andre ting etter å ha vore borte frå et stabilt nett på over tre veker no.

Ferien avslutta me med bryllupet til ei av Rikard sine kusiner i Ulricehamn, Sverige.
For deg som las mitt forrige blogginnlegg så falt kjolevalget på denne til slutt:
festkjole, fint kledd, bryllup, bröllop

Me gleda oss stort til denne dagen, lille syster mi hadde dura ned frå Oslo dagen før kun for å passe Filip og Emil. Takk Renate ☺

Me stressa med alt som måtte fiksas føre bryllupet, og alt skulle sjølvsagt bli gjort siste dagen, ja til og med siste timen. 45 minutt før me måtte kjøre stod eg på ”Shop around the Corner” i Kinna og fekk innkassera ein underkjole.

Litt seinare enn me burde kom me oss endeleg av garde, men i all hu og hast hadde me berre delvis fått på oss alle festkleda, me fekk derfor svinge av på denne lille veglomma for å kle på oss finstasen straks utan for Ulricehamn.
På veg til bryllup

skifte klær, festklær, finstas, kjole, blogg
Me har dårlig tid… 10 minuttar til kyrkjesermonien…
Av med flip-flops, på med finsko
Av med flip-flops, på med finsko

Eg klarer av ein eller anna grunn å alltid komma for seint til bryllup, men denne gonga kom me faktisk heile 1 time før alle andre…. Jammen godt me fekk blotta oss litt langs vegkanten i alle fall…

Når me fyrst var tidleg ute var det godt Moster Marianne bur i byen, slik at svigermor rakk å fikse meg i håret likevel ☺
Fikse håret

Bryllupsfesten blei holdt i ein kjempe fin gammal låve. Nå har me sjølv kikka rundt etter bryllupslokale i ferien, men ingen som kan måle seg med sjarmen dette festlokale hadde.

Av respekt for brudeparet legg eg ikkje ut nokon bilder av dei, men så fine som dette blei me i alle fall.

bryllup, fest, festkjole,finklær
Me er klare for fest…

bryllup, finklær, velkomstdrink
Jammen fin «man to be» eg har…

finsko, hvite, sølv, sølvspiss, pensko, bryllup
Veldig fornøgd med sølvspiss skoa mine

Takk for ein fantastisk dag kjære brudepar ☺

/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: