Forfriskende havregrynsgrøt, eller overnight oat som det også kalles.
Eg kom over denne forfriskande varianten av havregrynsgrøt frå ein av mine favoritt bloggarar Ida Frosk.
![overnight oats, havregrynsgröt över natten](http://monicaaschim.no/wp-content/uploads/2013/07/inspirasjon-idafrosk-havregrøt-over-natten.jpg)
Varier frukosten med havregrynsgrøt
Eg elskar havregrynsgrøt, og har variert med alt frå friske bær, nøtter, syltetøy og honning, men aldri tenkt på å lage ein kald utgåve. Så då eg såg bildet på instragram frå Ida Frosk blei eg veldig nysgjerrig, og kasta meg rundt og fekk handla inn det eg trengte.
![Overnight Oats, havregrynsgröt över natten](http://monicaaschim.no/wp-content/uploads/2013/07/ingredienser-havregrøt-over-natta-blogg-1024x662.jpg)
Havregrynsgrøt eit godt alternativ ved matallergi
Og alt frå fyrste skeia var eg solgt…. Eg bare lukka auga og nøyt. Så om du treng litt ny inspirasjon i kosten eller i havregrøtkunstane dine, bør du prøve å lage havregrøt over natten. Det er like enkelt som det høyres ut!
Dette er også ein fin variasjon i kosten for deg som er gluten- og laktoseallergiker eller intolerant for desse matvarene.
![overnight oats, havregrynsgröt över natten](http://monicaaschim.no/wp-content/uploads/2013/07/monica-nyt-havregrøt-1024x768.jpg)
Sjølv held eg meg unna gluten og i stor grad laktose, denne ganga er dessverre ypghurten med laktose då dei ikkje hadde laktosefri der eg handla)
Her kjem ein super enkel oppskrift på havregrynsgrøt over natta:
1 dl store havregryn (glutenfrie)
1 dl mjølk (eg brukar soyamjølk naturell)
1 dl yoghurt (gresk eller naturell)
1/4 ts salt
1 ts søting (valfritt, eg brukar honning)
![overnight oats, overnatts havregynsgröt](http://monicaaschim.no/wp-content/uploads/2013/07/oppskrift-havregrøt-over-natta-blogg-1024x703.jpg)
![overnight oats, övernatts havregryn](http://monicaaschim.no/wp-content/uploads/2013/07/lage-havregrøt-over-natta-blogg-1024x710.jpg)
![overnight oats, övernatts havregröt](http://monicaaschim.no/wp-content/uploads/2013/07/naprapatmonica-blogg-havregrøt-1024x729.jpg)
Bland saman alle ingrediensane, og la det stå og god gjera seg over natta, eller minst 3 timar. Dette blir ein utruleg god og forfriskande grøt. Du kan varme den opp om du ynskjer, men prøv å et den kald med nokon friske bær, nøtter med honning eller eple/kanelblanding, variantane er uendelege!
![Norwegian Overnight oats, norsk overnatts havregrynsgröt](http://monicaaschim.no/wp-content/uploads/2013/07/norges-havregrøt-over-natten-1024x991.jpg)
Nyt den fantastiske sommarvarmen og ein skål med deilig havregrynsgrøt!
/Monica