Naprapati- eit naturleg val ved muskel- og skjelettplager!

I dag finnes det over 300 yrkesaktive naprapater i Norge, og antallet aukas stadig. I Sverige og Finland finnes det til saman over 1200 autorisera naprapater. I våre naboland har naprapati vore eit autorisera yrke sida 1994, og har sida då vore ei voksande og viktig del av det finske og svenske helsetilbodet.

Naprapatene er i dag den største gruppa i Norden innan avansert manuell medisin.
Naprapater jobbar systematisk gjennom muskel- og rørsleapparatet, både med undersøkingar og ulike behandlingsteknikkar. Teknikkar som vert nytta av naprapater baseras på vitenskapeleg grunnlag. Og har med åra fått fleire gode studie som styrker naprapatien og dens behandlingsteknikkar.

Norges Naprapatforbund
Norske naprapater er organisert gjennom Norges Naprapatforbund, som jobbar for naprapatene i Norge og ikkje minst kring spørsmålet om autorisasjon av naprapater i Norge.
Norges Naprapatforbund, Naprapati, Oslo, naprapat, klinik

Dei fleste norske naprapater er utdanna ved Naprapathögskolan i Stockholm, men det finnes også ein naprapatutdanning i Finland, Kymenelaakso University of Applied Sciences i Kotka.

Ettertrakta terapeutar
Naprapater har no eksistera i Norden sida 1970-talet. Når eg vart ferdig utdanna i 2007 fekk eg stadig spørsmålet kva er ein naprapat, no bare seks år etter høyrer eg aldri dette spørsmålet lengre. Naprapater i Norge har blitt ei ettertrakta yrkesgruppe, dette til tross for at ein må betale behandlingane frå eiga lomme.
naprapati, terapeut, klinikk, oslo,

Naprapat i bedrift
Naprapater er ikkje bare ettertrakta på det private markedet, men stadig fleire bedrifter ser også lønnsomheita med å ha ein naprapat til å ta vare på sine ansatte. Me på Oslo Naprapatklinikk har i dag seks bedrifter som nyttar seg av våre tenester, og dette er eit område me kjem til å satse enda meir på. Visste du at så mange som 50 % av sjukemeldingane kjem frå lidelser i muskel- og skjelettapparatet? Eller at kvar dag ein ansatt er borte frå jobb, så kostar det bedrifter over 1900 kr dagen? Ikkje rart mange bedrifter ynskjer seg ein naprapat for å få ned sjukmeldingar.

Naprapatbehandling via helseforsikring
Dei fleste helseforsikringar i dag tilbyr løysingar der naprapatbehandling er ein del av garantien. Om du ikkje har dette via din private helseforsikring, så sjekk med helseforikringa via jobben, mange har inngått ei kollektiv avtale som faktisk garanterer deg frå 5 til 24 behandlingar hos naprapat i året. Nokre gir også garanti for trykkbølgebehandling, noko mange naprapater tilbyr, der i blant me på Oslo Naprapatklinikk.

trykkbølgebehandling, oslo, naprapat, klinik, helseforsikring
Helseforsikringer dekker trykkbølgebehandling hos oss

Korleis velge rett naprapat?
Eg vil sei at dei fleste naprapatar er veldig dyktige, men sjekk gjerne om dei er medlemmar av Norges Naprapatforbund (NNF). Via Norges Naprapatforbund sine heimesider kan du finne ei oversikt over naprapater i ditt nærmiljø, klikk her.

Naprapatiens framtid
Naprapater har komme for å bli, me har ikkje eksistera lenge, men har vokse veldig på kort tid.
Det som blir spennandes for naprapater som yrkesgruppe no, er spørsmålet om autorisasjon. Me har søknad inne, som me håpar på å få positivt utfall på i løpet av 2013.

Ved å stille naprapater på lik linje med andre autorisera helsepersonell så gir ein pasientane eit mykje friare og meir rettferdig system i forhold til det å velje ein terapeut og yrkesgruppe som passar til seg og sine plager, noko eg meiner burde vere ein selvfølge i dagens helse Norge.

Tek gledeleg i mot kommenatar i kommentar feltet under ☺

Neste gong du får vondt- prøv ein naprapat da vel…

/Monica

Fascia-fokus på helgens skulderkurs!

Då har eg landa litt igjen etter helgens kurs på Oslo Naprapatklinikk. Det var ein spent gjeng som stod klare til å fylle på med ny kunnskap om kropp, og ikkje minst skuldra. Sjølv om kursdeltakerane var spente, var nok eg det aller mest. Dette har eg venta på lenge og gleda meg så til. Endeleg eit spennandes, og i høgste grad nyttig kurs for alle som jobbar med kropp.

ledd-skulder-lkurs-undervisning-fordypning-terapeut
Helgens kurs Skulderworkshop, bulk 1 av 5 leddkurs

Dag ein starta med generell info om skuldra, korleis den fungerer i kvardagen, og kva for plager som er vanlege når skuldra svik oss.
Helgens tema har vore korleis få ned smerte og bevegelses hinder som pasientane opplev nettopp kring dette viktige leddet.

etterutdanning-videreutdanning-skulder-terapeut-massør
Generell traksjon er ei god smertelindring for skuldra

For å kunne hjelpe klientar med konkrete plager er det viktig at terapeuten kan stille relevante spørsmål og utføre ein god klinisk undersøkning av klienten. Eg gjekk derfor igjennom testar som vil hjelpe klinikaren å sjå om det er kontraktilt, eller ikkje kontraktilt vev som er årsaka til enten smerta eller nedsett rørsle. Dei tre viktigaste testane for dette er aktive, passive og isometriske testar.

aktiv-kliniskt-test-skulder-terapeut-kurs
Her gjer eg ein aktiv utadrotasjon i skuldrene mine
klinisk-test-skulder-undersøkelse-kurs
Her testar eg klientens utadrotasjon i skuldra

Om du som klient kjem til ein terapeut med ei konkret plage, skal du vere kritisk om testing ikkje blir utført!

Fascia, like viktig å behandle som musklar og ledd
Dag to var ein ekstra spennandes dag. Dette skulle vere ein dag med masse praksis. Men fyrst hadde eg teori om kroppens største sanseorgan- Fascia, kroppens bindevev. Dette er eit område det har blitt lagt mykje større forsking og fokus på i seinare tid.
Og det er blitt funne mange mekanoreseptorar i all fascia i kroppen.

fascia-teknikker-kurs-oslo-skulder
Stimuler mekanoreseptorer i kroppen via fascia

Fascia finnes overalt i kroppen, mellom muskel og hud, mellom dei ulike musklane, i ligament, i leddkapsel, i aponeuroser osv. For at kroppen skal fungere optimalt er det viktig at kroppens bindevev også er avslappa og i god funksjon.

Ved å stimulere fascians ulike bestand delar med trykk, drag, vibrasjonar osv. så vil ein klare å stimulere områder av kroppen slik at både smerte minskar og bevegelse aukar. Og med helgens tema har då skuldra vore i fokus.

fascia-skulderkapsel-terapeut-kurs
Her viser eg ein god teknikk for økt beveglighet for skuldra.
fascia-stimulering-behandling-kurs-naprapat
Her påvirkar me ruffini mekanoreseptorer med trykk
kursdeltaker-skulderkurs-workshop-axelsons-oslo
Her er kursedeltakerane i full gang med behandlingsteknikkar
terapeut-kurs-fasciamanipulering
Her stimulerar med paccini mekanoreseptorane
øke-bevegelse-skulder-behandling-teknikk
Her jobbar me for å auke bevegelsen i skuldra

For meg som kurshaldar, naprapat, samt opptatt av trening og sunn mat så har eg som mål å servere sunn og god mat til kursdeltakarane mine. I dag stod heimelaga lasagne på menyen, den var laga med kyllingkjøttdeig og cottage cheese, og utan gluten. Rikard hadde baka glutenfri focaccia til oss, det var så godt!

kursmat-sunn-mat-glutenfri
Kursmat på gang! Bilde henta frå Instagram @monicaaschim
kursmat-lasagne-glutenfri-kurs
Velfortent lunsj!

/Monica ☺

Møt Bono, eit stødig skjelett på fem hjul!

Denne helga har eg halde skulderkurs for terapeutar, og seint ute som eg alltid er forsøkte eg å finne eit skjelett til helgas workshop.

modell-full-størrelse-skjelett-undervisning-kropp-helseEtter å ha leita ei lita stund kom eg over ikkje bare eit skjelett på hjul, men ein deluxe modell av det elles så triste ranglete skjelettet. Etter litt søking på google fann eg dette deluxe skjelettet på nettsidene til Altius Gruppen.

Eg hadde bare ei veke på meg til skjelettet måtte stå klart på klinikken. Eg ringte til Altius gruppen og fekk veldig god service. Den hyggeleg og behjelpelige karen hos Altius gruppen skulle sørge for at skjelettet ville vera på plass i løpet av veka som var.

Må sei eg var litt nervøs når eg på fredag fortsatt stod utan skjelettet mitt på klinikken, men like sikkert som Darren på Altius gruppen hadde lova meg kom pakka trygt levert på klinikken vår halv fire fredag ettermiddag. Puh!

undervisning-klinikk-utsryr-skjelett
Skjelettet kom trygt fram, og på rett tid!

Da var det bare å skru samen knoklane, og resultatet er denne kjekkasen:
klinikk-skjelett-forhandler-delux

Hjelp til navn…
Eg la ut på Facebook og Instagram at karen behøvde navn, og eg fekk inn nokon fine forslag: Beinert, Jan Teigen, Eivind Beinlaus, Svein Bein, Skjelettor, Oskar, Benjamin og Røde Klara. Eg måtte bruke helga på å bli kjente med han, og skjelettet har nå fått navnet ”Bono”, eg er svært fornøgd!
Bono Skjelett

Bono, eit skjelett for alle!
Bona er eit skjelett på 170 cm, beina er i ca. same vekt som i ein verkeleg kropp.
Den eine sida av skjelettet ser ein dei perifere ledda med tilhøyrande ligament.
led-skulder-ligament-modell

Den andre sida er tydeleg markert med rødt og blått for muskulaturens utspring og feste.
undervisning-modell-kropp-skulder-muskler
Alle ledd går å bevege, så vel ryggrad som kjeve.
Ryggraden har alle tilhørande mellom virvelskiver på plass, samt illustrasjon av et prolaps i korsryggen. Som eg seier, denne skjelettmodellen har alt.
Skjelettet er lett å flytte på med sine fem hjul. Dette er nesten ein selvfølge å ha på dei fleste klinikkar og undervisningsplassar, absolutt å anbefale.
Les meir om skjelettet på Altius Gruppen sine heimesider.

/Monica ☺

Skulderworkshop- eit nyttig kurs for terapeutar!

Den siste tida har vore ekstremt intens. Me på Oslo Naprapatklinikk har hatt fleire møter og lagt planar for både kurs og marknadsføring for høsten. Spennandes kurs i regi Oslo Naprapatklinikk er «Massasjekurs for par» og «Ryggskole» Les meir her.

ryggskole, massasjekurs for par, massasje, naprapat
Følg med på vår Facebookside og Hjemmeside for nyttige kurs!

Eg har også hjelpt til med informasjon på skulen eg undervisar på Bio Medicus Akademiet under åpent hus.

Nyttig og spennandes skulderkurs
Samtidig har eg denne veka sitte mykje og finpussa på kurset eg skal halde førstkommande helg. Eit kurs retta mot terapeutar som ønskjer å lære meir om skuldra, og gode behandlingsteknikkar for å auke bevegelse og minske smerte som lett kan komma kring dette viktige leddet.

Terapeut, kurs, massør, fysioterapeut
Du kan aldri vita kva for stuktur som er problemet om du ikkje testar!

Fasciabehandling
Noko av det mest spennandes med kurset er innføringa av fasciamanipulering, der me brukar ulike teknikkar for å stimulere forskjellige mekanoreseptora som finns i bindevevet.
Teknikkar som blir bruka er bl.a. djupe tøyingar, vibrasjonar og trykk av ulike slag.

massør,terapeut,kurs,workshop,august,2013
Lær deg fine teknikkar for å minske smerte og auke bevegelsen i skuldra

Kurset passar for alle som jobbar med musklar og ledd, men bakgrunn med triggerpunktsbehandling er eit minimum. Alle teknikkar rettar seg mot stimulering av mjukdelar, men som i stor grad påverkar ledd.

Eg vil også gå gjennom funksjonell anatomi og funksjonell testing av skuldra. Dette er for at du skal kunne hjelpe dine klientar på best moglege måte. Nokre ting kan du hjelpe med, og andre gonger vil du måtte sende klienten vidare til ein terapeut med anna kompetanse.

 

Om du ennå ikkje har lagt planer for helga, så sleng deg gjerne på ☺
kurs, workshop, terapeut, akupunktør, massør, fysioterapeut
/Monica

Utdanningstips til høsten 2013

Har du ennå ikkje funne ut kva du skal gjere til høsten?

Kvifor ikkje ta deg ein utdanning innanfor Fotterapi og ortopediteknikk. Dette er eit eittårig fulltidsstudie som følgjer offentlig læreplan for VG2 og VG3. Etter bestått eksamen kan man søke om offentlig godkjenning som fotterapeut. Bio Medicus Akademiet er den einaste skulen i Oslo som tilbyr denne utdanninga

utdanning, skole, lånekassen, kurs,
Ta deg ein utdanning med tyngde og nytte

Eg jobbar sjølv med kropp, og det er så utruleg moro å kunne hjelpe andre med vondet i kroppen. I min praksis så undersøkar eg ofte føtene då dette kan ha stor betyding for skeivhetar vidare oppover kroppen vår. I denne forbindelsen ser eg ofte føtar som burde fått seg ein grundig behandling med fotterapi, og anbefaler derfor mine klientar vidare til denne yrkesgruppa. Problemet er bare at det er veldig få innafor denne yrkesbransjen. Les meir om feilstillingar i føtar her.
Så om du ynskjer å få deg ein jobb du vil ha ein framtid med er dette eit godt tips. Utdanninga er også støtta av Lånekassen

Les meir om utdanninga i Fotterapi og ortopediteknikk her, utdanninga skjer på Bio Medicus Akademiet i Oslo.

Opptak:
Det trengs ingen forkunnskaper for opptak. Det viktigaste er din interesse og motivasjon til å gjennomføre dette kravande studiet, men det er selvfølgeleg en fordel med bakgrunn frå helsefag og kroppens anatomi.

Studieåret
Studiet går over eitt år. Skuleåret går frå 26 august, 2013 til 12 juni, 2014. Fulltid frå mandag til onsdag og du må regne med en del heimearbeid, både teoretisk og praktisk. Studiet dekker blant anna pensum til vg2 og vg3
Det finnes fortsatt ledige plassar på høstens studie!

/Monica

Den forbaska Tennisalbuen!

Denne veka har eg hatt fleire klientar med tennisalbue, og tenkte derfor eg ville legge ut ein liten filmsnutt for å vise ein treningsøving som blir anbefala alle med tennis- og golfalbue å gjera. Denne treninga er anbefala enten du går til manuell behandling, får trykkbølgebehandling eller om du har fått kortison.

Trening ved Tennis- golfalbue
Ved tennis- og golfalbue bør øvingane bli gjort 12repetisjonar, 2 seriar, 2ggr dagen i 12 veker.

Denne eksentriske treninga er også fin for alle andre for å førebygge, då rekk det å gjere 10-12 repetisjonar, 2-3 seriar nokon gonger i veka.

Viktig med grundig undersøkning!
Tennis- og golfalbue er for mage velkjente navn, og er benemning på irritera muskelfester ved albueknokelen, smerter på utsida er ”tennisalbue” og smerter ved innsida er ”golfalbue”.
Har du enno ikkje vore til naprapat eller anna terapeut og fått undersøkt armen din anbefaler eg at du gjer dette, då mykje av arm smerter i dag stammar frå skulder og nakke. Ei grundig undersøking er derfor viktig slik at behandling i rett område og struktur blir gjort.

Jobbar du som terapeut og eller massør er dette ein nyttig øving og gje til dine klientar med tennis- og golfalbue.

Filmen er i litt dårlig kvalitet, men håpet er å få filma dette inn betre etterkvart!
/Monica

Ikkje gløym mage og rygg!

Helga har stort sett gått i leik og kos i hagen. Fikk meg endeleg ein løpetur i går, 5,41 km, og eg fekk testa meg på litt teknikkar eg innhenta forrige helg, det var moro, følte faktisk det gav litt meir framdrift, gledar meg til å jobbe meir på dette. Løpeturen er ei fin runde som eg har springe fleire gonger før, denne har eg no døpt til «Brudesløret» og skal vere ein av dei idrettslege prestasjonane eg skal ha i min målplan fram til eg giftar meg i mai neste år. Meir om dette veka som kjem.

Å trene kjernemuskulaturen er viktig
Ellers har eg fått trent meir mage og rygg i helga, og legg ut fleir fine øvelsar for kjernemuskulaturen. Dette er fine øvelsar for alle, og jobbar du som terapeut er dette bra øvelsar å gje vidare til dine klientar. Mange trur dei trenar mage/rygg, gjer mange sit-ups, og trenar store ryggmusklar i apparater og med vekter, dessverre er dette muskelgrupper som ligger langt vekk frå kjerna, og viktige muskelgrupper blir oversett.

Trening av kjernemuskulatur kan du fint legge til mot slutten av ei treningsøkt, men du kan også kjøre den som eit eiga treningsprogram, har du rundt fem øvelsar tek treningar mellom 30- 45 minuttar, og alt kan gjeras heime, veldig greit!

Utvalg av fine mage- ryggøvelsar:

Ein fin øvelse er å ligge på rygg med føttane i golvet, deretter pressar du korsryggen ned i underlaget (tenkt at du strekker ut ryggraden), samtidig som du vippar bekkenet bakover, hold dette presset i ca 10 sekund, slepp sakte tilbake. Ved trening gjenta ca 10-12 gonger. Ellers er den fin føre andre mage- ryggøvelsar.

Som terapeut kan du legge handa di under og be klienten din "knuse" hånda di, og halde presset i ca 10 sek.
Som terapeut kan du legge handa di under og be klienten din «knuse» hånda di, og halde presset i ca 10 sek.

Andre fine øvelsar:
Bekkenløft
Hofteløft med strakt bein
Kjernemuskulatur, magetrening

Planken stend du ei viss tid, 30-60 sek er vanleg, 2-3 seriar.
Planken stend du ei viss tid, 30-60 sek er vanleg, 2-3 seriar.
Ver rak i kroppen, er det tungt kan du gå ned på kne. Hold i 30-60 sek.
Ver rak i kroppen, er det tungt kan du gå ned på kne. Hold i 30-60 sek.

Det finnes fleire variasjonar av desse planke-øvelsane, det gjeld bare å vere kreativ! Fleir tips kjem uasnett frå meg seinare.

God natt!
/Monica