Aktiv kvardag inne
Denne veka har eg vore aleine med Filip og Emil. Og eg skal innrømme at ting har gått i eitt med alt ansvaret sjølv og fulltids jobb. Og eg har valt å prioritere gutane mine til det fulle. Har som plaster på såret fått gjort litt mage og ryggøvingar medan gutane har teikna, springe rundt, leika og sett på barne tv.
Bildet har eg sjølvsagt lagt til i konkurransen min #aktivsommar2013 på Instagram, hashtag dine bilder med #aktivsommar2013 du óg, så er du med i trekninga av desse praktiske treningshantlene. Les meir her, Sommarkonkurranse.
Supermamma
Men eg har faktisk følt meg litt som ein supermamma desse dagane. Det er utruleg kor strukturert alt blir når det er eg sjølv som skal fikse alt. Så når helga likevel bøy på litt drittvær fekk eg fram støvsugar, og vaskekost. I dag var me ute og fekk kjøpe ei fin og praktisk hylle til den nye leikekroken, der eg fekk testa ryggen i monteringsoppdrag, det handlar jo om å ha ein aktiv kvardag, ikkje sant?
Elles har eg passa på å utnytte desse regnværs dagane til å reklamere litt for Naprapatien og Norges Naprapatforbund, takk for flott paraply under siste Årsmøte!
Som mange nok har fått med seg, i alle fall om du har skumma gjennom innlegget mitt ”Good VS. Bad” at eg er ganske glad i kaffe. Og det er vel det dummaste med slike dagar som dette, litt amper og frysen blir det lett at ein tek ein og anna kopp for mykje, plutseleg kom eg over denne artikkelen ”Å drikke kaffe før et løp har lenge vært kjent for å øke prestasjonen. Nå viser det seg at det sentralstimulerende middelet også kan ha en positiv effekt på hvor rask du kommer deg i etterkant…” (klikk her for å kommet til heile teksten i dn.no), og den dårlege samvittigheita letta litt, sjølv om eg langt ifrå har drikke kaffe kun føre et løp……ups.
Nå skal eg feire at sola endeleg har tatt turen til Oslo, ungane er i seng, dagens blogging/facebooking/Instragraming er klar, og eit lite glas med kvitvin skal nytas ☺
Og eg gleder meg veldig til min kjære kjem heim att imorgo!
God kveld, og God ferie til deg som er i gang med den, håpar virkeleg god været er på veg nå ☺
/Monica