Bursdagfest- og markedsføringsplanlegging!

God morgon!

I går fylte vår lille, store Filip fire år, hurra! Dagen skal feirast med familie og venner i dag, og det er stor stas. Me håpar at været skal holde seg slik at han kan få innvie bursdagsgåva si med vennene i dag, ei stor trampoline ☺

Filip 4 år 15 Juni!
Filip
Å ha med Filip til fotograf var ein fornøyelse.
Filip
Han gjorde masse grimasar og posera som bare det, og tolmidigheita holdt i nokon minuttar…..
Filip

Planlegging av markedsføringskurs
Fredag til lørdag hadde eg besøk av kusina mi Carina, så det blei ein sein fredagkveld med god mat og drikke. Det er Carina som har lagd den nye og flotte heime sida vår på Oslo Naprapatklinikk, og me er veldig fornøgde. I går fekk me derfor innføring i korleis me kan gå inn og redigere i wordpress og oppdatere innhaldet i heimesida sjølv. Carina driv og no å sett opp ei meir spennande Facebookside for oss.

Markedsføringskurs, Markedsføring, Workshop
Det er Carina som eg skal halde workshop i markedsføring med. Gledar meg!

Carina har lang og god erfaring med marknadsføring og kommunikasjon for små, mellomstore, men òg større bedrifter. Eg gleder meg stort til me skal halde ein workshop i marknadsføring saman, der me skal gje små til mellomstore bedrifter med innretning helse og terapeutyrket fine verktøy for å betre nå sine mål og idear om korleis synast betre.

Markedsføringsworkshopen er satt til lørdag 29 juni. Dette blir vårt første kurs saman, derfor gjer me deltakerar prisreduksjon nå fyrste gongen. Ta kontakt med meg om du er interessert. Les meir om kurset under kurs.

Nå skal eg gå og forberede ein bursdagsfest, forsøke å lage ei kake (absolutt ikkje god på det!) og ordne med pizzasnurrar ☺ Samtidig ser eg fram til ei god høgintensiv trening i hagen etter kalaset er over.

/Monica