Den siste tida har vore ekstremt intens. Me på Oslo Naprapatklinikk har hatt fleire møter og lagt planar for både kurs og marknadsføring for høsten. Spennandes kurs i regi Oslo Naprapatklinikk er «Massasjekurs for par» og «Ryggskole» Les meir her.
Eg har også hjelpt til med informasjon på skulen eg undervisar på Bio Medicus Akademiet under åpent hus.
Nyttig og spennandes skulderkurs
Samtidig har eg denne veka sitte mykje og finpussa på kurset eg skal halde førstkommande helg. Eit kurs retta mot terapeutar som ønskjer å lære meir om skuldra, og gode behandlingsteknikkar for å auke bevegelse og minske smerte som lett kan komma kring dette viktige leddet.
Fasciabehandling
Noko av det mest spennandes med kurset er innføringa av fasciamanipulering, der me brukar ulike teknikkar for å stimulere forskjellige mekanoreseptora som finns i bindevevet.
Teknikkar som blir bruka er bl.a. djupe tøyingar, vibrasjonar og trykk av ulike slag.
Kurset passar for alle som jobbar med musklar og ledd, men bakgrunn med triggerpunktsbehandling er eit minimum. Alle teknikkar rettar seg mot stimulering av mjukdelar, men som i stor grad påverkar ledd.
Eg vil også gå gjennom funksjonell anatomi og funksjonell testing av skuldra. Dette er for at du skal kunne hjelpe dine klientar på best moglege måte. Nokre ting kan du hjelpe med, og andre gonger vil du måtte sende klienten vidare til ein terapeut med anna kompetanse.
Om du ennå ikkje har lagt planer for helga, så sleng deg gjerne på ☺
/Monica