Kjole, skjørt eller bukse?

Og det blei shorts…
Denne veka har eg hatt mitt fyrste møte i forhold til bloggen min, så spenninga var både til å ta og føle på. Når ein jobbar som naprapat så er det ikkje ofte ein får pynta seg skikkelig før ein drar på jobb. Men starten av denne veka fekk eg dratt fram alt eg hadde i garderoben og prøvd ting eg neste ikkje visste eg hadde lengre. Og moroast av alt, var at eg faktisk kom inn i ting som lenge har ligge i skapet og bare venta på at figuren er på veg til strammare former igjen ☺

møte,blogg,sponsring,reklame,naprapat
Hjelp, kva skal eg ha på meg…

Etter mykje prøving og tanken på å prøve enda meir (tolmodigheta er ikkje like lang som hos alle andre jenter trur eg) så falt dagens møte outfit på ein grå shorts med ein luftig gammalrosa bluse med ein kvit singlet under, og med nokon søte sandalar til. Ein må jo kle seg sommarleg når det bikkar 13 grader på morgonkvisten….

naprapat,blogg,møte,sponsring,reklame
Nervøs og spent, klar til mitt fyrste møte om bloggen min.

Litt hutrande og frysande kom eg meg endeleg på møte, og eg synes det gjekk veldig bra. Møter er noko eg eigentleg er veldig glad i, komme med idémyldringar og få andre tips tilbake, så alt i alt var det ein bra dag.
Kva det vil bringe i framtida får me bare å sjå, men som sagt så har eg gode følelsar ☺

blogg,sommer,møte,sponsoravtale
Håpar desse sandalane kan bringe litt lykke med seg…

Elles har den siste veka vore skikkeleg forkjøla, noko eg absolutt ikkje har hatt tid til! Nå ligg eg etter med all kartlegginga eg skulle gjerna i forhold til dei idrettslege prestasjonane mine. Men nå er det ikkje anna å gjera enn å ta ferien til hjelp og komme sterkare tilbake etter sommaren ☺

Og som sikkert alle andre har fått kosa seg med, så har me også hatt SOL her i Oslo, me har passa på å nyte middagar ute på verandaen, og håpar på mange av desse i sommar!

blogg,middag,sol,sommer
Ingenting er som grillmat i sola og varmen.
grillmat,sommar,blogg,sol
Deilig sommarsalt med norske jordbær,nam…

Nå drar me til Telemark, deretter reiser me der sola bringar oss, og avsluttar ferien i Sverige, der me kjem til å kikke etter blant anna festlokale til bryllupet, oppdateringar kjem ☺

Kikk innom bloggen sjølv om eg dreg på ferie, innlegg kjem om smarte ferietreningstips når du minst anar det…

designtorget, trening, vekter, petflaska hantel
Eg tar med meg treningshantelen på ferie…

Ferie, endeleg!
/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: