Høg temperatur i Frognerparken i dag!

Nå er det endeleg sommar ute. I dag hadde lillesyster og eg avtale å trene i Frognerparken. Eg snubla over ei plakat med gratis utetrening på Friskis & Svettis Majorstua, og tenkte at det må eg bare få med meg. Har tidlegare trena med Frisks & Svettis om sommaren både i Kristiansand og i Falkenberg i Sverige, og hatt stor glede av det ☺

utetrening, gratis, frognerparken
Renate og eg er klare for sirkeltrening

I dag var det høg temperatur i Frognerparken, moglegvis Frognerbadet ein heller burde ha vore i og fått seg eit dypp. For meg personleg så blei det ei litt forsiktig trening, då eg har vore sjuk ei uke. Men var veldig glad i dag når formen var litt betre, og eg endeleg kunne trene litt igjen.

trening ute, sirkeltrening, friskis&svettis, gratis, trening for alle
Her varmas gjengen opp, snart klare for hard økt.

Treninga i parken i dag bestod av sirkeltrenig, med 10 ulike stasjonar, i tre omgangar, så ein blei sveitt nok ja. Det var full rulle og alle som var med såg ut til å stor kose seg.

Gruppetrening, ute, styrketrening, Friskis&svettis
Her ligg eg og svettar, Renate slit forhåpentegvis like mykje i bakgrunnen
picknick i frognerparken
Medan damene fikk trena tok gutta seg ein picknick.
avslappning, trening, park, gratis, frognerparken
Gutta ville også være med å tøye.

Nå drar me på ferie frå fredag denne veka, men for deg som er i Oslo i sommar ville eg absolutt tatt turen til Frognerparken (rett ved Frognerbadet/Parkeringa) og trent litt gruppetrening ute, dei held på kvar mandag kl 17-18 fram til 12 august. Og det er heilt gratis!

Nå skal ei fortsatt litt snufsete bloggar gå til køys, natta!
/Monica


Publisert

i

av

Stikkord: