Fascia-fokus på helgens skulderkurs!

Då har eg landa litt igjen etter helgens kurs på Oslo Naprapatklinikk. Det var ein spent gjeng som stod klare til å fylle på med ny kunnskap om kropp, og ikkje minst skuldra. Sjølv om kursdeltakerane var spente, var nok eg det aller mest. Dette har eg venta på lenge og gleda meg så til. Endeleg eit spennandes, og i høgste grad nyttig kurs for alle som jobbar med kropp.

ledd-skulder-lkurs-undervisning-fordypning-terapeut
Helgens kurs Skulderworkshop, bulk 1 av 5 leddkurs

Dag ein starta med generell info om skuldra, korleis den fungerer i kvardagen, og kva for plager som er vanlege når skuldra svik oss.
Helgens tema har vore korleis få ned smerte og bevegelses hinder som pasientane opplev nettopp kring dette viktige leddet.

etterutdanning-videreutdanning-skulder-terapeut-massør
Generell traksjon er ei god smertelindring for skuldra

For å kunne hjelpe klientar med konkrete plager er det viktig at terapeuten kan stille relevante spørsmål og utføre ein god klinisk undersøkning av klienten. Eg gjekk derfor igjennom testar som vil hjelpe klinikaren å sjå om det er kontraktilt, eller ikkje kontraktilt vev som er årsaka til enten smerta eller nedsett rørsle. Dei tre viktigaste testane for dette er aktive, passive og isometriske testar.

aktiv-kliniskt-test-skulder-terapeut-kurs
Her gjer eg ein aktiv utadrotasjon i skuldrene mine
klinisk-test-skulder-undersøkelse-kurs
Her testar eg klientens utadrotasjon i skuldra

Om du som klient kjem til ein terapeut med ei konkret plage, skal du vere kritisk om testing ikkje blir utført!

Fascia, like viktig å behandle som musklar og ledd
Dag to var ein ekstra spennandes dag. Dette skulle vere ein dag med masse praksis. Men fyrst hadde eg teori om kroppens største sanseorgan- Fascia, kroppens bindevev. Dette er eit område det har blitt lagt mykje større forsking og fokus på i seinare tid.
Og det er blitt funne mange mekanoreseptorar i all fascia i kroppen.

fascia-teknikker-kurs-oslo-skulder
Stimuler mekanoreseptorer i kroppen via fascia

Fascia finnes overalt i kroppen, mellom muskel og hud, mellom dei ulike musklane, i ligament, i leddkapsel, i aponeuroser osv. For at kroppen skal fungere optimalt er det viktig at kroppens bindevev også er avslappa og i god funksjon.

Ved å stimulere fascians ulike bestand delar med trykk, drag, vibrasjonar osv. så vil ein klare å stimulere områder av kroppen slik at både smerte minskar og bevegelse aukar. Og med helgens tema har då skuldra vore i fokus.

fascia-skulderkapsel-terapeut-kurs
Her viser eg ein god teknikk for økt beveglighet for skuldra.
fascia-stimulering-behandling-kurs-naprapat
Her påvirkar me ruffini mekanoreseptorer med trykk
kursdeltaker-skulderkurs-workshop-axelsons-oslo
Her er kursedeltakerane i full gang med behandlingsteknikkar
terapeut-kurs-fasciamanipulering
Her stimulerar med paccini mekanoreseptorane
øke-bevegelse-skulder-behandling-teknikk
Her jobbar me for å auke bevegelsen i skuldra

For meg som kurshaldar, naprapat, samt opptatt av trening og sunn mat så har eg som mål å servere sunn og god mat til kursdeltakarane mine. I dag stod heimelaga lasagne på menyen, den var laga med kyllingkjøttdeig og cottage cheese, og utan gluten. Rikard hadde baka glutenfri focaccia til oss, det var så godt!

kursmat-sunn-mat-glutenfri
Kursmat på gang! Bilde henta frå Instagram @monicaaschim
kursmat-lasagne-glutenfri-kurs
Velfortent lunsj!

/Monica ☺

Skulderworkshop- eit nyttig kurs for terapeutar!

Den siste tida har vore ekstremt intens. Me på Oslo Naprapatklinikk har hatt fleire møter og lagt planar for både kurs og marknadsføring for høsten. Spennandes kurs i regi Oslo Naprapatklinikk er «Massasjekurs for par» og «Ryggskole» Les meir her.

ryggskole, massasjekurs for par, massasje, naprapat
Følg med på vår Facebookside og Hjemmeside for nyttige kurs!

Eg har også hjelpt til med informasjon på skulen eg undervisar på Bio Medicus Akademiet under åpent hus.

Nyttig og spennandes skulderkurs
Samtidig har eg denne veka sitte mykje og finpussa på kurset eg skal halde førstkommande helg. Eit kurs retta mot terapeutar som ønskjer å lære meir om skuldra, og gode behandlingsteknikkar for å auke bevegelse og minske smerte som lett kan komma kring dette viktige leddet.

Terapeut, kurs, massør, fysioterapeut
Du kan aldri vita kva for stuktur som er problemet om du ikkje testar!

Fasciabehandling
Noko av det mest spennandes med kurset er innføringa av fasciamanipulering, der me brukar ulike teknikkar for å stimulere forskjellige mekanoreseptora som finns i bindevevet.
Teknikkar som blir bruka er bl.a. djupe tøyingar, vibrasjonar og trykk av ulike slag.

massør,terapeut,kurs,workshop,august,2013
Lær deg fine teknikkar for å minske smerte og auke bevegelsen i skuldra

Kurset passar for alle som jobbar med musklar og ledd, men bakgrunn med triggerpunktsbehandling er eit minimum. Alle teknikkar rettar seg mot stimulering av mjukdelar, men som i stor grad påverkar ledd.

Eg vil også gå gjennom funksjonell anatomi og funksjonell testing av skuldra. Dette er for at du skal kunne hjelpe dine klientar på best moglege måte. Nokre ting kan du hjelpe med, og andre gonger vil du måtte sende klienten vidare til ein terapeut med anna kompetanse.

 

Om du ennå ikkje har lagt planer for helga, så sleng deg gjerne på ☺
kurs, workshop, terapeut, akupunktør, massør, fysioterapeut
/Monica

Fot til besvær!

Visste du at så mange som 80 % har ein eller anna form for feilstilling i foten. Grunnen til dette er fram for alt at stort sett alt me går på i dag er flatt underlag, de vil sei at foten ikkje får den nødvendige og nyttige belastninga den burde fått frå eit meir variert underlag. Ein anna viktig grunn som og er med på å ta bort normal fot funksjon er sko.

Innleggssåle, superfeet, naprapat
Slit du med fot, bein, kne, hofte og ryggplager? Då kjem det kanskje frå føttane dine!

Mange vondter kan oppstå frå føttane
Når foten ikkje blir bruka optimalt så blir det til slutt plager i og rundt foten, plager som dette kan til eksempel vere plantarfascitt, hælspore, halux valgus, mortons nevrom, Akilles plager, beinhinnebetennelse og plager som forplantar seg vidare opp i kne, hofter, rygg til og med til nakke då det skjer små kompensatoriske forandringar heilt frå foten.
Innleggssåler, sålekurs, overpronasjon, kurs terpaeuter

Ettersom dei aller fleste har ein eller anna form for fotfeilstilling er det av stor nytte å bruke bra sko, ofte er riktig skoinnlegg nødvendig, då desse gjer god støtte i fot buen for dei som overpronerar (og det er det mange som gjer)- foten ligg nesten flatt på golvet.

Sko med «overpronasjon» anbefalast ikkje
Mange sko i dag tilbyr ikkje denne støtta under fot buen, sjølv sko med ”støtte” for overpronasjon er feil konstruera. Dette gjeld fram for alt joggesko, der dei lagar sjølve undersåler på skoen høgare på innsida, medan sjølve innleggssåla er like flat som alltid, heilt idiotisk spør du meg, kven vil vel springe i ”skråning” heile dagen?

Sko med overpronasjon, innleggssåle, superfeet, naprapat
Viktig med bra skotøy, og innleggssåle om du overpronerar.

Få deg ein undersøking av fotstillinga di
Slit du med plager i fot, bein, kne, hofter og kne syns eg du bør få ein fotundersøkelse, dette bør dei aller fleste terapeutar ha kunskap om.
På klinikken vår, Oslo Naprapatklinikk tilbyr me dette som ein eiga undersøkning, elles så inngår det i ein vanlig naprapatkonsultasjon ved plager i områda nemnt over.

Innleggssåler, naprapat, overpronasjon
Me tilbyr franskprodusera såler, dei kan hjelpe mange.

Me hjelper med øvingar og såler
Finn me avvik i fot stillinga di, hjelper me med såletilpassing, øvingar for å styrke opp og minske/ førebygge vidare utvikling, samt anna viktige tips og råd i forhold til sko og andre ytre faktorar som kan spille inn.
Sålene me jobbar med er tynne, men har god støtte i fot buen, pelott for framfoten, men er samtidig fleksibel som gjer moglegheit for normal fot funksjon.

Kurs for terapeutar i fot- og beinproblematikk, samt såletilpassing
Jobbar du som terapeut og ynskjer å lære meir om dagens tema, så skal eg halde eit kurs i fotfeilstilling og såletilpassing 6 juli 2013. Dette kurset er fint sjølv om du ikkje har tenkt å sele sålar, kunnskapen og moglegheit til å sende vidare til rett kompetent terapeut er like viktig. Les meir om fot- og sålekurset her.

/Monica

Treningshelg blei redda i siste sekund!

Frustrasjonen var stor då eg i dag var heilt tett i topplokket, og ein hei dundrenes hodepine, og sprengandes bihuler som følte som skulle sprette augo ut av posisjon. Ja, allergi er verkeleg å underskatte før ein har prøvd det ut sjølv.

I hodet mitt var det ein krig med tankar: ikkje tid til dette no, må pleie sjuk Emil,
må blogge, må jobbe, må trene, måmåmå. Skulle helgas treningsweekend bli øydelagt av pollenderandes organismar i lufta?

Akupunktur, Allergi, Hodepine,
Her reddar akupunkturen min Anne Mette treningshelga mi. Takk!

Eg tok ein sjanse, sms’a akupunktøren på jobb, som flaks for meg hadde ein ledig time i ettermiddag. Og nå seks timer etterpå er eg som eit nytt menneske, eg føler eg blei redda av ein engel, nå er eg klar for årets ShapeUp weekend på Geilo.

Eller som eg las i siste nyhetsbrevet frå ShapeUp, der dei kallar helga for ”kom i bikiniform”, da antar eg dei meiner neste sommars bikinisesong, då er eg i rute!

Uansett bikiniform eller ikkje, trykket har letta i topplokket, allergien er under kontroll og eg og Linda er klare for årets fyrste treningsweekend, fylt med bootcamp, løyping, spinning og andre godbitar. Geilo og Vestlia here we come, me gler kånn (oss)!

Driv du eiga virksomhet, da er du like fancy som meg, ein gründer!

Spørsmålet er bare kor god gründer du er. Er du passiv eller aktiv i bedriftas ulike delar?

Å drive ei virksomhet eller klinikk bygger på mykje meir enn dine terapeutiske ferdighetar, eller andre ferdighetar din virksomhet krever faglig av deg. Mange gjer dei mest ”basic” tinga i startfasa, men gløymer midt oppi alt ein heilhet i bedrifta si, og mange har heller ikkje satt seg klare mål.

Kurs, markedsføring, terapeut, klinikk
Me hjelper med markedsføring, ein må sette seg mål, når og korleis skal du koma dit?

Sette seg mål er viktig!
Eg meiner at alt du gjer må ha tydelig planlegging, samt at du er delaktig i ulike delar av bedriftas eksistens. Å vita meir kring bodskap du vil formidle i ulike media vil styrke din kommunikasjon og tydelegheit ut mot klientar og kundar.
Det er også viktig å gjere ulike ”stunt” for bedrifta di, kundane dine kjem sjeldan servera på eit sølvfat, dei må søkas opp og bli tatt godt vare på. Tenk på alle kundar som ein kunde for livet.
Tru det eller ei, men i ditt yrke som f.eks. terapeut så er du like mykje ein selgar. Det er du som skal ”selge” dine produkt på ein truverdig måte. Om du ikkje trur på det sjølv, vil i alle fall ikkje kunden din det. Me er ofte for forsiktige, det er dessverre til stor brems for utvikling av virksomheta di.

Å bygge seg ei bedrift tar tid, lær enkle strategier for kjappare veg til resultat
Å bygge seg ei bedrift tar tid, lær enkle strategier for kjappare veg til resultat

Lærerik utfordring
For meg har heile prosessen med å starte eiga bedrift vore ein utruleg spennandes reise. Eg gjekk sjølv ingen kurs i starten om korleis eg best kunne markedsføre bedrifta mi, og det har vore mykje prøving og feiling undervegs. Eg har lært meg kva som funkar og kva som ikkje funkar, og dette delar eg gjerne med meg.
Eit av mine nye motto er: Kvifor gjere mange feil og bruke lang tid, når ein kan få verdiful hjelp og kortare veg til suksess?
For meg står tre eigenskapar sentralt: Ver kreativ, tørr å satse og ta sjansar!

Klikk her for meir info om kurs, i sommar skal me ha ein workshop i markedsføring nettopp for å hjelpe deg og din bedrift til nye høgder.

Ikkje las denne sjansen gå frå deg!
/Monica

Tid for trening og ny inspirasjon?

Hei og velkommen til min informasjonsside om trening, kurs for terapeutar og alle. Moro at du fann vegen hit!

Eg er ei travel tobarnsmamma, som driv eigen klinikk, så trening som blir lagt ut her vil vera av den enklare karakter. For meg handlar trening om at det skal vera effektivt og gjennomfør bart. Å koma seg til eit treningssenter er for dei aller fleste ikkje mogleg. Og tru det eller ei, men du kan få gjort mykje på stuegolvet, i hagen og ute i skogen, å vera kreativ er nykkelordet.

Eit anna knep er å inkludere familien, gjer aktivitetar saman. Ta med deg barna på sykkel og joggeturar. Ikkje sjå begrensningane, heller løysningane. Lag deg ei hinderløype i hagen, leik sisten med barna, inkluder barna i rokkering-treninga di. Du vil sjå at det ikkje er så verst og trene likevel ☺

Eg er sjølv i ein liten om rokkering-situasjon, les meir under ”Operasjon Brudekjole”, der treninga skal bli eit større fokus i kvardagen min, så du vil få mykje ”lettvind” trenings inspirasjon på sida mi framover.

Ellers tilbyr eg fine behandlingskurs for terapeutar, desse er vektlagt anatomi, undersøkingar og behandlingsteknikkar. Eit nytt og spennande kurs i sommar er eit markedsføringskurs. Så Stay tuned!

Eg held og kurs i ”massasjekurs for 2” og ”babymassasje”, nye kursdatoar kjem frå hausten av.

Andre kurs blir også halde for deg som treng hjelp og inspirasjon til trening. Les meir under sida Trening og Kurs for alle.