Hjemmemassasje inn i norske hjem…

Hvor mange er det ikkje som har klaget på vondt i tumler og/eller hender når de har gitt en hjemmemassasje? Det er iallefall den absolutt vanligste tilbakemeldingen me får fra dei som har gitt amatør massasje til nokon rundt seg.

Eg har alltid vært opptatt av forebyggende helse, og spesielt tiltak me selv kan gjere for å gi oss selv ein lettere hverdag. Og eg har alltid syntes det har vært gøy å inspirere og lære andre om kropp og helse. Det var nok også mykje drivkraften bak det å starte denne bloggen, og etterhvert til dei ulike nettkursa eg har satt opp og planer om å sette opp.

Nettkurs i hjemmemassasje

Lenge arrangerte me fysiske massasjekurs for par. Me la massasjekurset opp som ein fin opplevelse for par, ein lite re-treat for som regel travle småbarnsforeldre. Det var opptil 6 par pr. kurs, heimelaga mat og masse massasjetrening. Det var utruleg moro!

Som travle småbarnsforeldre selv, måtte me revurdere bruken av tida vår, da dei fysiske massasjekursene for par krevde mye av vår tid. Samtidig ville me ikkje ta bort kurset, for det hadde blitt så godt mottatt av mange par over fleire år, løsningen blei nettkurs i hjemmemassasje!

I nettkurset lærer du steg for steg hvordan gi en god massasje, og det uten å få vondt i tumler!

Første lanseringa blei ein fiasko!

Jepp, og eg blei drittlei. Du veit den følelsen når du har jobba og jobba, gått laaaangt ut av komfortsonen, lært deg 1000 ting du absolutt ikkje kan, også er forventningen gigantiske når lanseringa er i gang. Så skuffelsen var så klart STOR da me vinteren 2018 lanserte det første kurs, og ingen påmeldinger! Eg blei så skuffa at eg la bort heile kurset.

Hva gikk feil? Det har eg egentlig ikkje svar på, men eg orka ikkje ta i kurset på et heilt år- hahaha. Men det handla nok masse om formidling. Alt me ønska var å lære bort god og nyttig hjemmemassasje. Men me gikk fra å levere et kurs innpakka som ein opplevelse for par til et nettkurs, det var nok ein transformasjon som me ikkje heilt klarte å slippe. Budskapet vårt ut bar nok litt preg av det.

Meeeen når 1 år var gått, det vil si i desember 2019, kom eg på at me hadde et så og sei ferdigstilt nettkurs nedstøvet oppe i skyene (om det er mulig…)

Eg kasta meg rundt og fikk IT jentene til å gjere nokon nødvendige endringer på nettsiden, oppdatere salgssiden, og vipps – me var klare for NYlansering av masssasjekurset!

Ei uke før jul var alt klart, nervene var å kjenne på, eg hadde jo hatt ein fiasko ved forrige forsøk. Men plutselig tikka det inn den eine påmeldinga etter den andre. HURRA! – Det å gi bort gave i form av hjemmemassasjekurs var ikkje så feil likevel!

Jula 2019 var det mange som fikk et massasjekurs i julegave av nokon dei er glad i. Å gi bort ein gave til nettkurset “Lær god og nyttig hjemmemassasje” er like fin gave å GI som å FÅ, skikkelig vinnvinn!

Hvem ville du delt et hjemmemassasjekurs med?

Hvem passer kurset for?

Alle som har lyst til å lære hvor enkelt det er å gi nokon man er glad i massasje. Kurset passer like godt for familien som for par. Alle kan massere, noen ganger trenger man bare litt meir kunnskap og inspirasjon. Og kurset er lagt opp til at dere enkelt kan hjelpe hverandre med vanlige spenningsplager i rygg, nakke, skuldrer og armer, samt ben.

Masse fine bonuser som passer liten og stor.

Og kanskje det aller viktigste av alt, dere lærer hvordan massere UTEN å få vondt i tumler og hender, samt mange andre gode teknikker for en god og nyttig hjemmemassasje!

Flere kursoppstart i løpet av året! Neste kursoppstart er 14. februar 2020. Påmelding/kjøp av gave kan du gjøre ved å klikke her (samt få mer informasjon om kurset)

Gratis introkurs!

få kurs i hjemmemassasje rett hjem til deg
Gratis introkurs «Lær hjemmemassasje på 1-2-3»

Bli med på vårt GRATIS introduksjonskurs “Lær hjemmemassasje på 1-2-3”, og lær ALT du trenger å kunne for å komme igang med hjemmemassasje.

Meld deg på her!

Ønsker deg en nydelig dag videre ❤︎

/Monica Aschim

PS! Andre kurs du kanskje er interessert i, les mer her!

Fascia-fokus på helgens skulderkurs!

Då har eg landa litt igjen etter helgens kurs på Oslo Naprapatklinikk. Det var ein spent gjeng som stod klare til å fylle på med ny kunnskap om kropp, og ikkje minst skuldra. Sjølv om kursdeltakerane var spente, var nok eg det aller mest. Dette har eg venta på lenge og gleda meg så til. Endeleg eit spennandes, og i høgste grad nyttig kurs for alle som jobbar med kropp.

ledd-skulder-lkurs-undervisning-fordypning-terapeut
Helgens kurs Skulderworkshop, bulk 1 av 5 leddkurs

Dag ein starta med generell info om skuldra, korleis den fungerer i kvardagen, og kva for plager som er vanlege når skuldra svik oss.
Helgens tema har vore korleis få ned smerte og bevegelses hinder som pasientane opplev nettopp kring dette viktige leddet.

etterutdanning-videreutdanning-skulder-terapeut-massør
Generell traksjon er ei god smertelindring for skuldra

For å kunne hjelpe klientar med konkrete plager er det viktig at terapeuten kan stille relevante spørsmål og utføre ein god klinisk undersøkning av klienten. Eg gjekk derfor igjennom testar som vil hjelpe klinikaren å sjå om det er kontraktilt, eller ikkje kontraktilt vev som er årsaka til enten smerta eller nedsett rørsle. Dei tre viktigaste testane for dette er aktive, passive og isometriske testar.

aktiv-kliniskt-test-skulder-terapeut-kurs
Her gjer eg ein aktiv utadrotasjon i skuldrene mine

klinisk-test-skulder-undersøkelse-kurs
Her testar eg klientens utadrotasjon i skuldra

Om du som klient kjem til ein terapeut med ei konkret plage, skal du vere kritisk om testing ikkje blir utført!

Fascia, like viktig å behandle som musklar og ledd
Dag to var ein ekstra spennandes dag. Dette skulle vere ein dag med masse praksis. Men fyrst hadde eg teori om kroppens største sanseorgan- Fascia, kroppens bindevev. Dette er eit område det har blitt lagt mykje større forsking og fokus på i seinare tid.
Og det er blitt funne mange mekanoreseptorar i all fascia i kroppen.

fascia-teknikker-kurs-oslo-skulder
Stimuler mekanoreseptorer i kroppen via fascia

Fascia finnes overalt i kroppen, mellom muskel og hud, mellom dei ulike musklane, i ligament, i leddkapsel, i aponeuroser osv. For at kroppen skal fungere optimalt er det viktig at kroppens bindevev også er avslappa og i god funksjon.

Ved å stimulere fascians ulike bestand delar med trykk, drag, vibrasjonar osv. så vil ein klare å stimulere områder av kroppen slik at både smerte minskar og bevegelse aukar. Og med helgens tema har då skuldra vore i fokus.

fascia-skulderkapsel-terapeut-kurs
Her viser eg ein god teknikk for økt beveglighet for skuldra.

fascia-stimulering-behandling-kurs-naprapat
Her påvirkar me ruffini mekanoreseptorer med trykk

kursdeltaker-skulderkurs-workshop-axelsons-oslo
Her er kursedeltakerane i full gang med behandlingsteknikkar

terapeut-kurs-fasciamanipulering
Her stimulerar med paccini mekanoreseptorane

øke-bevegelse-skulder-behandling-teknikk
Her jobbar me for å auke bevegelsen i skuldra

For meg som kurshaldar, naprapat, samt opptatt av trening og sunn mat så har eg som mål å servere sunn og god mat til kursdeltakarane mine. I dag stod heimelaga lasagne på menyen, den var laga med kyllingkjøttdeig og cottage cheese, og utan gluten. Rikard hadde baka glutenfri focaccia til oss, det var så godt!

kursmat-sunn-mat-glutenfri
Kursmat på gang! Bilde henta frå Instagram @monicaaschim

kursmat-lasagne-glutenfri-kurs
Velfortent lunsj!

/Monica ☺

Møt Bono, eit stødig skjelett på fem hjul!

Denne helga har eg halde skulderkurs for terapeutar, og seint ute som eg alltid er forsøkte eg å finne eit skjelett til helgas workshop.

modell-full-størrelse-skjelett-undervisning-kropp-helseEtter å ha leita ei lita stund kom eg over ikkje bare eit skjelett på hjul, men ein deluxe modell av det elles så triste ranglete skjelettet. Etter litt søking på google fann eg dette deluxe skjelettet på nettsidene til Altius Gruppen.

Eg hadde bare ei veke på meg til skjelettet måtte stå klart på klinikken. Eg ringte til Altius gruppen og fekk veldig god service. Den hyggeleg og behjelpelige karen hos Altius gruppen skulle sørge for at skjelettet ville vera på plass i løpet av veka som var.

Må sei eg var litt nervøs når eg på fredag fortsatt stod utan skjelettet mitt på klinikken, men like sikkert som Darren på Altius gruppen hadde lova meg kom pakka trygt levert på klinikken vår halv fire fredag ettermiddag. Puh!

undervisning-klinikk-utsryr-skjelett
Skjelettet kom trygt fram, og på rett tid!

Da var det bare å skru samen knoklane, og resultatet er denne kjekkasen:
klinikk-skjelett-forhandler-delux

Hjelp til navn…
Eg la ut på Facebook og Instagram at karen behøvde navn, og eg fekk inn nokon fine forslag: Beinert, Jan Teigen, Eivind Beinlaus, Svein Bein, Skjelettor, Oskar, Benjamin og Røde Klara. Eg måtte bruke helga på å bli kjente med han, og skjelettet har nå fått navnet ”Bono”, eg er svært fornøgd!
Bono Skjelett

Bono, eit skjelett for alle!
Bona er eit skjelett på 170 cm, beina er i ca. same vekt som i ein verkeleg kropp.
Den eine sida av skjelettet ser ein dei perifere ledda med tilhøyrande ligament.
led-skulder-ligament-modell

Den andre sida er tydeleg markert med rødt og blått for muskulaturens utspring og feste.
undervisning-modell-kropp-skulder-muskler
Alle ledd går å bevege, så vel ryggrad som kjeve.
Ryggraden har alle tilhørande mellom virvelskiver på plass, samt illustrasjon av et prolaps i korsryggen. Som eg seier, denne skjelettmodellen har alt.
Skjelettet er lett å flytte på med sine fem hjul. Dette er nesten ein selvfølge å ha på dei fleste klinikkar og undervisningsplassar, absolutt å anbefale.
Les meir om skjelettet på Altius Gruppen sine heimesider.

/Monica ☺

Skulderworkshop- eit nyttig kurs for terapeutar!

Den siste tida har vore ekstremt intens. Me på Oslo Naprapatklinikk har hatt fleire møter og lagt planar for både kurs og marknadsføring for høsten. Spennandes kurs i regi Oslo Naprapatklinikk er «Massasjekurs for par» og «Ryggskole» Les meir her.

ryggskole, massasjekurs for par, massasje, naprapat
Følg med på vår Facebookside og Hjemmeside for nyttige kurs!

Eg har også hjelpt til med informasjon på skulen eg undervisar på Bio Medicus Akademiet under åpent hus.

Nyttig og spennandes skulderkurs
Samtidig har eg denne veka sitte mykje og finpussa på kurset eg skal halde førstkommande helg. Eit kurs retta mot terapeutar som ønskjer å lære meir om skuldra, og gode behandlingsteknikkar for å auke bevegelse og minske smerte som lett kan komma kring dette viktige leddet.

Terapeut, kurs, massør, fysioterapeut
Du kan aldri vita kva for stuktur som er problemet om du ikkje testar!

Fasciabehandling
Noko av det mest spennandes med kurset er innføringa av fasciamanipulering, der me brukar ulike teknikkar for å stimulere forskjellige mekanoreseptora som finns i bindevevet.
Teknikkar som blir bruka er bl.a. djupe tøyingar, vibrasjonar og trykk av ulike slag.

massør,terapeut,kurs,workshop,august,2013
Lær deg fine teknikkar for å minske smerte og auke bevegelsen i skuldra

Kurset passar for alle som jobbar med musklar og ledd, men bakgrunn med triggerpunktsbehandling er eit minimum. Alle teknikkar rettar seg mot stimulering av mjukdelar, men som i stor grad påverkar ledd.

Eg vil også gå gjennom funksjonell anatomi og funksjonell testing av skuldra. Dette er for at du skal kunne hjelpe dine klientar på best moglege måte. Nokre ting kan du hjelpe med, og andre gonger vil du måtte sende klienten vidare til ein terapeut med anna kompetanse.

 

Om du ennå ikkje har lagt planer for helga, så sleng deg gjerne på ☺
kurs, workshop, terapeut, akupunktør, massør, fysioterapeut
/Monica

Tips til bryllupsgave…

Massasjekurs for 2, ei perfekt gåve å gje bort!

Skal du i eit bryllup og fortsatt ikkje funne den perfekte gåva?
Kvifor ikkje gje bort ein opplevelse bryllupsparet vil ha glede av i all framtid…

I dag er det ikkje alltid lett å gje bort ting og tang i bryllupsgave, dei fleste har det dei behøver til hus og heim allereie.
bryllupsgave, gavetips, gavekort, opplevelse, bryllup
Massasjekurs for 2 er eit innføringskurs i massasje til husbruk. Der største vekta ligg på å lære ut teknikkar for å kunne gje bort ein behageleg, men samtidig nyttig massasje. Og me legg opp til at den som gjer massere, skal kunne gjere dette med minst mogleg belasting på eigen kropp.

Mange sett opplevelsar høgt på ønskelistene sine, då det er kvalitetstid ein aller hels vil ha samen.

massasjekurs, kurs for par, opplevelse, gavetips, bryllupsgave, gavekort, hastegave, panikk gave
Heimemassasje…

Les meir om massasjekurset og kursdatoar her

 

Kjøp gåvekort enkelt i dag, få gåvekortet umiddelbart ☺
For kjøp av gåvekort klikkar du deg heilt enkelt vidare her, print ut sida med gåvekortet og fyll i verdikoden du mottek ved kjøp, og du er klar til den store festen.

Kursa skjer i våre lokale på Smestad i Oslo. Ønskes kurs nokon anna plass kan dette gjennomføras ved påmelding av minst 5 par, ta då direkte kontakt med meg…

Del gjerne Bryllupsgavetipset vidare i dine sosiale medier, på forhand STOR takk!

/Monica

Studietips til høsten, klassisk muskelmassasje

Ingenting er som å få ein god klassisk muskelmassasje, nest best er kanskje å kunne gje bort ein massasje nokon andre både kan nyte og ha nytte av…

kurs, utdannelse, bio medicus akademiet, massasje, massasjeterapeut
Få deg ein seriøs og bra utdannelse på Bio Medicus Akademiet i Oslo

Sjølv brukar eg mykje massasje i jobben min, og eg passar på å få meg regelmessig massasje sjølv, noko eg syns dei aller fleste burde få seg innimellom. Eg trur også me lev i ein tid der folk faktisk vil spandere på seg meir av denne type velvære og helse førebyggande tiltak framover.

Ein framtidig jobb
Eg trur også at dette er eit helsetiltak bedrifter i mykje større grad i dag legg til i sine helsetenester til sine ansatte enn tidlegare. Det er jo på høg tid at Norge heng etter våre kjære Svenske naboer når det gjeld å ta vare på sine arbeidstakerar. Me på Oslo Naprapatklinikk har fleire store og små bedrifter som brukar både våre naprapat og massasjetjenester. Desse bedriftene ser gode helserelaterte be sparingar både ved sjukmeldingar og bedriftsøkonomisk.

Kurs i Klassisk Muskelmassasje
Eg har i fleire år undervist på Bio Medicus Akademiet i Oslo, og der startar det 25 oktober eit nytt kurs i klassisk massasje. Dette er eit fint kurs for deg som vil lære å nettopp massere, og kunne gje bort ein profesjonell massasje både privat, på ein klinikk, velværesenter, idrettslag eller ut mot næringslivet. Les meir om kurset her

Ein nyttig og spennandes jobb
Moglegheitene er mange med ein utdanning innafor dette området. Med dette kurset i bunn kan du bygge på med fordjuping i dybdemassasje som er ei utdanning eg har satt opp for skulen, eg lærer ut korleis du tenker meir heilhetleg og som ein massasjeterapeut. Dybdemassasjeutdanninga bygger på testing, behandling med triggerpunktspressur og tøyingsteknikkar. Les meir om utdanninga her

massasjeterapeut, kurs fysioterapeutar, videregåendekurs, pågyggende kurs
Utdanning med triggerpunktsbegandling og tøying, bli ein fullstendig massasjeterapeut

Vidare frå dette kurset kan du ta mange spennandes kurs, blant anna mine private kurs som du kan lese meir om her.

Åpent hus
13 august skal skulen halde åpent hus for deg som er interessert i blant anna klassisk massasje. Adressa er Krumgata 7 og ligg på Bislett/St.Hanshaugen i Oslo. Moroa startar kl. 17, det vil bli lett servering.

Håpar eg ser deg 13 august!
/Monica

Utdanningstips til høsten 2013

Har du ennå ikkje funne ut kva du skal gjere til høsten?

Kvifor ikkje ta deg ein utdanning innanfor Fotterapi og ortopediteknikk. Dette er eit eittårig fulltidsstudie som følgjer offentlig læreplan for VG2 og VG3. Etter bestått eksamen kan man søke om offentlig godkjenning som fotterapeut. Bio Medicus Akademiet er den einaste skulen i Oslo som tilbyr denne utdanninga

utdanning, skole, lånekassen, kurs,
Ta deg ein utdanning med tyngde og nytte

Eg jobbar sjølv med kropp, og det er så utruleg moro å kunne hjelpe andre med vondet i kroppen. I min praksis så undersøkar eg ofte føtene då dette kan ha stor betyding for skeivhetar vidare oppover kroppen vår. I denne forbindelsen ser eg ofte føtar som burde fått seg ein grundig behandling med fotterapi, og anbefaler derfor mine klientar vidare til denne yrkesgruppa. Problemet er bare at det er veldig få innafor denne yrkesbransjen. Les meir om feilstillingar i føtar her.
Så om du ynskjer å få deg ein jobb du vil ha ein framtid med er dette eit godt tips. Utdanninga er også støtta av Lånekassen

Les meir om utdanninga i Fotterapi og ortopediteknikk her, utdanninga skjer på Bio Medicus Akademiet i Oslo.

Opptak:
Det trengs ingen forkunnskaper for opptak. Det viktigaste er din interesse og motivasjon til å gjennomføre dette kravande studiet, men det er selvfølgeleg en fordel med bakgrunn frå helsefag og kroppens anatomi.

Studieåret
Studiet går over eitt år. Skuleåret går frå 26 august, 2013 til 12 juni, 2014. Fulltid frå mandag til onsdag og du må regne med en del heimearbeid, både teoretisk og praktisk. Studiet dekker blant anna pensum til vg2 og vg3
Det finnes fortsatt ledige plassar på høstens studie!

/Monica

Fot til besvær!

Visste du at så mange som 80 % har ein eller anna form for feilstilling i foten. Grunnen til dette er fram for alt at stort sett alt me går på i dag er flatt underlag, de vil sei at foten ikkje får den nødvendige og nyttige belastninga den burde fått frå eit meir variert underlag. Ein anna viktig grunn som og er med på å ta bort normal fot funksjon er sko.

Innleggssåle, superfeet, naprapat
Slit du med fot, bein, kne, hofte og ryggplager? Då kjem det kanskje frå føttane dine!

Mange vondter kan oppstå frå føttane
Når foten ikkje blir bruka optimalt så blir det til slutt plager i og rundt foten, plager som dette kan til eksempel vere plantarfascitt, hælspore, halux valgus, mortons nevrom, Akilles plager, beinhinnebetennelse og plager som forplantar seg vidare opp i kne, hofter, rygg til og med til nakke då det skjer små kompensatoriske forandringar heilt frå foten.
Innleggssåler, sålekurs, overpronasjon, kurs terpaeuter

Ettersom dei aller fleste har ein eller anna form for fotfeilstilling er det av stor nytte å bruke bra sko, ofte er riktig skoinnlegg nødvendig, då desse gjer god støtte i fot buen for dei som overpronerar (og det er det mange som gjer)- foten ligg nesten flatt på golvet.

Sko med «overpronasjon» anbefalast ikkje
Mange sko i dag tilbyr ikkje denne støtta under fot buen, sjølv sko med ”støtte” for overpronasjon er feil konstruera. Dette gjeld fram for alt joggesko, der dei lagar sjølve undersåler på skoen høgare på innsida, medan sjølve innleggssåla er like flat som alltid, heilt idiotisk spør du meg, kven vil vel springe i ”skråning” heile dagen?

Sko med overpronasjon, innleggssåle, superfeet, naprapat
Viktig med bra skotøy, og innleggssåle om du overpronerar.

Få deg ein undersøking av fotstillinga di
Slit du med plager i fot, bein, kne, hofter og kne syns eg du bør få ein fotundersøkelse, dette bør dei aller fleste terapeutar ha kunskap om.
På klinikken vår, Oslo Naprapatklinikk tilbyr me dette som ein eiga undersøkning, elles så inngår det i ein vanlig naprapatkonsultasjon ved plager i områda nemnt over.

Innleggssåler, naprapat, overpronasjon
Me tilbyr franskprodusera såler, dei kan hjelpe mange.

Me hjelper med øvingar og såler
Finn me avvik i fot stillinga di, hjelper me med såletilpassing, øvingar for å styrke opp og minske/ førebygge vidare utvikling, samt anna viktige tips og råd i forhold til sko og andre ytre faktorar som kan spille inn.
Sålene me jobbar med er tynne, men har god støtte i fot buen, pelott for framfoten, men er samtidig fleksibel som gjer moglegheit for normal fot funksjon.

Kurs for terapeutar i fot- og beinproblematikk, samt såletilpassing
Jobbar du som terapeut og ynskjer å lære meir om dagens tema, så skal eg halde eit kurs i fotfeilstilling og såletilpassing 6 juli 2013. Dette kurset er fint sjølv om du ikkje har tenkt å sele sålar, kunnskapen og moglegheit til å sende vidare til rett kompetent terapeut er like viktig. Les meir om fot- og sålekurset her.

/Monica

Bursdagfest- og markedsføringsplanlegging!

God morgon!

I går fylte vår lille, store Filip fire år, hurra! Dagen skal feirast med familie og venner i dag, og det er stor stas. Me håpar at været skal holde seg slik at han kan få innvie bursdagsgåva si med vennene i dag, ei stor trampoline ☺

Filip 4 år 15 Juni!
Filip
Å ha med Filip til fotograf var ein fornøyelse.
Filip
Han gjorde masse grimasar og posera som bare det, og tolmidigheita holdt i nokon minuttar…..
Filip

Planlegging av markedsføringskurs
Fredag til lørdag hadde eg besøk av kusina mi Carina, så det blei ein sein fredagkveld med god mat og drikke. Det er Carina som har lagd den nye og flotte heime sida vår på Oslo Naprapatklinikk, og me er veldig fornøgde. I går fekk me derfor innføring i korleis me kan gå inn og redigere i wordpress og oppdatere innhaldet i heimesida sjølv. Carina driv og no å sett opp ei meir spennande Facebookside for oss.

Markedsføringskurs, Markedsføring, Workshop
Det er Carina som eg skal halde workshop i markedsføring med. Gledar meg!

Carina har lang og god erfaring med marknadsføring og kommunikasjon for små, mellomstore, men òg større bedrifter. Eg gleder meg stort til me skal halde ein workshop i marknadsføring saman, der me skal gje små til mellomstore bedrifter med innretning helse og terapeutyrket fine verktøy for å betre nå sine mål og idear om korleis synast betre.

Markedsføringsworkshopen er satt til lørdag 29 juni. Dette blir vårt første kurs saman, derfor gjer me deltakerar prisreduksjon nå fyrste gongen. Ta kontakt med meg om du er interessert. Les meir om kurset under kurs.

Nå skal eg gå og forberede ein bursdagsfest, forsøke å lage ei kake (absolutt ikkje god på det!) og ordne med pizzasnurrar ☺ Samtidig ser eg fram til ei god høgintensiv trening i hagen etter kalaset er over.

/Monica