Eit vanleg problemområde for mange i dag er skulder. Mange kjenner kanskje igjen den irriterandes verkande smerta mellom skulderblada. Eller som mange beskriv den, brennanes punkt ned mot eit eller begge skulderblada.
Skuldra er det leddet i kroppen vår med størst bevegelses omfang, tilhørande til skulderleddet er skulderbladet. Skulderbladet skal ha ein gli bevegelse mot ribbene på baksida av kroppen.
Det som ofte skjer er at denne gli bevegelsen ute blir fordi me jobbar så mykje statisk framfor pc og data heile dagen. Det blir rett og slett mangel på bevegelse, dermed dårlig sirkulasjon og oksygen tilførsel, som til slutt fører til smerte og ubehag.
Dagens øvingar er derfor meint til å auke denne gli bevegelsen, dette er meir som ein bevegelses trening enn styrketrening og kan med fordel fint jobbas med kvar dag. Ein generell regel er 10-15 repetisjonar pr. øving.
Her kjem eit lite utvalg:
Gjenta 10-15 gonger. For å avansere gjer øvinga mot gulvet.
Hold med strekt arm mot ballen, jobb med ulike mønster, 8-tall, sirkler, osv. Jobb i 1-2 min pr arm
For meir styrketrening av skuldra kan du sjå på kettlebell trening tidlegare. Ellers kjem det ut meir styrketrening for dette området etter kvart!
Kjøpt deg ein ball og sett i gang med bevegelsestrening ☺
Aktiv kvardag inne
Denne veka har eg vore aleine med Filip og Emil. Og eg skal innrømme at ting har gått i eitt med alt ansvaret sjølv og fulltids jobb. Og eg har valt å prioritere gutane mine til det fulle. Har som plaster på såret fått gjort litt mage og ryggøvingar medan gutane har teikna, springe rundt, leika og sett på barne tv.
Moro med litt forandring, skruing er moro! @monicaaschim via Instragram
Bildet har eg sjølvsagt lagt til i konkurransen min #aktivsommar2013 på Instagram, hashtag dine bilder med #aktivsommar2013 du óg, så er du med i trekninga av desse praktiske treningshantlene. Les meir her, Sommarkonkurranse.
Du kan bli ein av dei heldige vinnerande av ein vannflaskehantel- Knips i veg!
Supermamma Men eg har faktisk følt meg litt som ein supermamma desse dagane. Det er utruleg kor strukturert alt blir når det er eg sjølv som skal fikse alt. Så når helga likevel bøy på litt drittvær fekk eg fram støvsugar, og vaskekost. I dag var me ute og fekk kjøpe ei fin og praktisk hylle til den nye leikekroken, der eg fekk testa ryggen i monteringsoppdrag, det handlar jo om å ha ein aktiv kvardag, ikkje sant?
Ny leikekrok for gutane, stas med picknick. @monicaaschim via Instragram
Elles har eg passa på å utnytte desse regnværs dagane til å reklamere litt for Naprapatien og Norges Naprapatforbund, takk for flott paraply under siste Årsmøte!
Litt profilering og markedsføring er aldri feil, her for forbundet vårt, NNF @monicaaschim via Instragram
Som mange nok har fått med seg, i alle fall om du har skumma gjennom innlegget mitt ”Good VS. Bad” at eg er ganske glad i kaffe. Og det er vel det dummaste med slike dagar som dette, litt amper og frysen blir det lett at ein tek ein og anna kopp for mykje, plutseleg kom eg over denne artikkelen ”Å drikke kaffe før et løp har lenge vært kjent for å øke prestasjonen. Nå viser det seg at det sentralstimulerende middelet også kan ha en positiv effekt på hvor rask du kommer deg i etterkant…” (klikk her for å kommet til heile teksten i dn.no), og den dårlege samvittigheita letta litt, sjølv om eg langt ifrå har drikke kaffe kun føre et løp……ups.
Nå skal eg feire at sola endeleg har tatt turen til Oslo, ungane er i seng, dagens blogging/facebooking/Instragraming er klar, og eit lite glas med kvitvin skal nytas ☺
Og eg gleder meg veldig til min kjære kjem heim att imorgo!
Eg seier ikkje meir…
God kveld, og God ferie til deg som er i gang med den, håpar virkeleg god været er på veg nå ☺
/Monica
Eg kom over denne smarte treningsdingsen frå Designtorget, og måtte bare ha. Som mange allereie veit så er eg opptatt av trening, og at treninga skal være enkelt og lett tilgjengelig. Nå er det ferietid, og kvifor ikkje slå av ei treningsøkt med kjærasten eller ein venn kor du enn oppheld deg i verda ☺
Med denne hantelen kan du enkelt dra frå den eine ferieplassen til den andre i sommar. Den er lett, og sjølve vekta fiksar du på plass med tomflasker som du fyller opp med vann, sand eller småstein, som skrus på kvar sida av handtaket- smart og enkelt!
Enkelt å variere fra små til store flasker, samt innehald i flaskene for ulik tyngde.
Sommarkonkurranse!
Eg er for ein aktiv kvardag, og derfor ønskjer eg å få mange inspirasjons bilder frå leserane mine. Bilda skal vere frå aktive sommaraktivitet eller treninga, ellers er temaet vidt. Bilda blir brukt i et kollage som eg seinare publiserar på bloggen min.
Eg velger ut to av bilda, som for meg stikk seg ut på et eller anna sett, og desse to vinn kvar sin hantel som eg har fått av Designtorget ☺ Tjohoo!
Du kan bli ein av dei heldige vinnerande av ein vannflaskehantel- Knips i veg!
Bilda kan sendast til min e-post, min facebook-profil, Instagram eller Twitter, send då bilda med kopling til meg (@), samt #aktivsommar2013
Konkurransen held på fram til 5. August, og trekninga skjer i slutten av den veka!
For ein aktiv sommar, kjøp duppiditt hantelen asap
For mine norske leserar kan du få kjøpt vannflaskehantelen på fire ulike Designtorgetbutikkar i Oslo, sjå butikk oversikt her. Man kan desverre ikkje handle frå webshopen frå Norge, men for deg som ikkje bur i Oslo kan dette sendes med postforskudd frå ein butikk i Oslo. Kontakt i så tilfelle på tlf. 22 71 10 00 eller mail: storo@designtorget.se
For mine svenske leserar kan du få kjøpt den både i butikk og på Designtorgets Webshop. Løp og kjøp ☺
Aleinemor denne veka
Denne uka er eg aleine med småtrolla mine, så nå skal eg trene masse både med kjernemuskulatur og med min nye vannflaskehantel, bloggar om øvingar etterkvart!
/Monica
-som faktisk runda 1000 besøk på bloggen i kveld, stor stas! Det skal feirast med ”litt” mørk sjokolade, nam.
Visste du at så mange som 80 % har ein eller anna form for feilstilling i foten. Grunnen til dette er fram for alt at stort sett alt me går på i dag er flatt underlag, de vil sei at foten ikkje får den nødvendige og nyttige belastninga den burde fått frå eit meir variert underlag. Ein anna viktig grunn som og er med på å ta bort normal fot funksjon er sko.
Slit du med fot, bein, kne, hofte og ryggplager? Då kjem det kanskje frå føttane dine!
Mange vondter kan oppstå frå føttane
Når foten ikkje blir bruka optimalt så blir det til slutt plager i og rundt foten, plager som dette kan til eksempel vere plantarfascitt, hælspore, halux valgus, mortons nevrom, Akilles plager, beinhinnebetennelse og plager som forplantar seg vidare opp i kne, hofter, rygg til og med til nakke då det skjer små kompensatoriske forandringar heilt frå foten.
Ettersom dei aller fleste har ein eller anna form for fotfeilstilling er det av stor nytte å bruke bra sko, ofte er riktig skoinnlegg nødvendig, då desse gjer god støtte i fot buen for dei som overpronerar (og det er det mange som gjer)- foten ligg nesten flatt på golvet.
Sko med «overpronasjon» anbefalast ikkje
Mange sko i dag tilbyr ikkje denne støtta under fot buen, sjølv sko med ”støtte” for overpronasjon er feil konstruera. Dette gjeld fram for alt joggesko, der dei lagar sjølve undersåler på skoen høgare på innsida, medan sjølve innleggssåla er like flat som alltid, heilt idiotisk spør du meg, kven vil vel springe i ”skråning” heile dagen?
Viktig med bra skotøy, og innleggssåle om du overpronerar.
Få deg ein undersøking av fotstillinga di
Slit du med plager i fot, bein, kne, hofter og kne syns eg du bør få ein fotundersøkelse, dette bør dei aller fleste terapeutar ha kunskap om.
På klinikken vår, Oslo Naprapatklinikk tilbyr me dette som ein eiga undersøkning, elles så inngår det i ein vanlig naprapatkonsultasjon ved plager i områda nemnt over.
Me tilbyr franskprodusera såler, dei kan hjelpe mange.
Me hjelper med øvingar og såler
Finn me avvik i fot stillinga di, hjelper me med såletilpassing, øvingar for å styrke opp og minske/ førebygge vidare utvikling, samt anna viktige tips og råd i forhold til sko og andre ytre faktorar som kan spille inn.
Sålene me jobbar med er tynne, men har god støtte i fot buen, pelott for framfoten, men er samtidig fleksibel som gjer moglegheit for normal fot funksjon.
Kurs for terapeutar i fot- og beinproblematikk, samt såletilpassing
Jobbar du som terapeut og ynskjer å lære meir om dagens tema, så skal eg halde eit kurs i fotfeilstilling og såletilpassing 6 juli 2013. Dette kurset er fint sjølv om du ikkje har tenkt å sele sålar, kunnskapen og moglegheit til å sende vidare til rett kompetent terapeut er like viktig. Les meir om fot- og sålekurset her.
Vakna som eit slakt i dag med to super energiske gutar hoppandes på meg. Filip påstod at sola hadde stått opp og at barne tv hadde starta, så det var bare å stå opp. Kjente at å ha to høglydte Duracell gutar i senga kl. seks på morgonen var litt for mykje akkurat i dag.
Rikard og eg hadde planlagt ein løpetur i Kinnaström på formiddagen, plutseleg innsåg eg at det nok blei eit og anna glas for mykje i går. Svigermor passa på at vinglaset aldri var tomt, og sjølv var ikkje smart nok til å sei stopp.
Skal, skal ikkje?
Må sei at fristelsen til å droppe løpetreninga var veldig nære, ikkje bare var kroppen heilt dø, men været ute var heller ikkje veldig opplyftande, kvart andre minutt var det som heile himmelen opna seg. Men heldigvis tok fornufta overhand, og eg kom til å tenke på alle måla mine og at eg ikkje skal avvike frå treninga på grunn av dårlege unnskyldningar.
Ikkje akkurat effektiv treningsøkt
Eg visste at dette ikkje kom til å bli min mest effektive treningsøkt, men tenkte iallfall at det sikkert ikkje var dumt å få lufta den daude kroppen litt. Målet var å holde et veldig rolig tempo, gå om eg måtte det, og ta runda på 6,5km. Sjølv om økta i seg sjølv ikkje var som trening å kalle, så føler eg at eg oppnådde fleire ting. 1. Eg fekk lufta meg 2. Ingen dålig samvittigheit for å droppe treninga 3. Nye idear og tankar både for klinikken og bloggen blussa til i hodet 4. Eg blei mykje piggare og vaknare etterpå 5. Ungane fekk kvalitetstid med svigermor 6. Eg fekk meg litt pause frå to (følte som ti) intense gutar.
Så for deg som droppar trening av ulike grunnar, bare kast deg i det, det vil garantert kome noko godt ut av det. Eg er iallfall glad eg sparka meg sjølv i baken og kom meg ut!
Gratisk løpe- og styrketrening med Oslo Naprapatklinikk
For Oslo–leserar, ikkje gløym Oslo Naprapatklinikk si Gratis løpe– og styrketrening imorgo.
Andre høgdepunkt frå helga vår i Sverige Ellers var helga fylt med den tradisjonelle og veldig fine Svenske feiringaMidtsommar.
Det var dans rundt midsommarstanga og masse god mat. Me tok også med gutane på ulike turistattraksjonar. Under ser du litt bilder frå helga vår.
Midtsommarfeiring i Floda, SverigeLitt regn måtte me rekne med, me tek dekning under eit tre.Nå blir det nypotatis, sild og prinskorv og kjøttbullar, namJohanna lagar alltid gode kaker. Denne er til og med laktosefri
Søndag fiksa svigermor meg i håret, nye striper og friske tuppar. Me tok oss også ein tur til Hanatorp camping og kosa oss med leik, strandpromenade og glass!
Emil har fått kongeplassenFilip skreiv bokstavar i sanden, det var moro!Det var ei laaang trapp opp, men utsikten var flott.
Ein fin treningsform er å ta i bruk kettlebells. Desse finnes i ulike storleikar, og har du to-tre forskjellige heime har du så du kan dekke trening for heile kroppen. Eg har 8, 12 og 16 kilos heime.
Morsom og bra trening for heile kroppen
Ved å trene kettlebells sett du store krav til kjernemuskulaturen, og ein brukar kroppen slik at stabiliserande musklar heile tida er aktive. På fleire av bilda under ser du at eg kjører vekt kun på eine sida, dette er for at eg skal jobbe meir med stabiliserande- og kjernemuskulatur, der eg heile tida held ein opprett posisjon.
Start med litt oppvarming:
Sving kettlebell’en rundt kroppen, etterkvart pendlar du den i 8-tall mellom beina
Pendlinga kan du kjøre 45-60 sek på kvar side.
UTVALG AV STYRKEØVINGAR:
Kjør styrkeøvingane så mange du klarer, med fortsatt korrekt utføring. Gå der etter over til neste øving. Kjør øvingane i 2-3 seriar.
To hands rykk med kettlebell
Her skal det skje ein akselerasjon av kettlebell’en frå bakke til over hodet, nære kroppen. Akselerasjonen skapas frå dei store musklane rumpe og lår.
Om du syns eg ser veldig alvorlig ut på bilda, så er eg veldig glad inni meg ☺ Og ikkje minst veldig glad etter trening ☺
Håpar du får inspirasjon til helgas trening!
/Monica
I går la ein naprapatkollega ut ein link på Facebook om ein litt ana måte å trene på. Eg er som fleire veit opptatt av ein aktiv kvardag, og denne videoen må eg derfor bare dele. Klikk her for å komme til aktiv kvardag med ei aktiv dame 🙂
(for deg som blir ekstra interesera av denne type trening eller likar «camel toe» så finnes det ei bok å få kjøpt,hehe)
Nå blir det avgårde for siste dag på jobb denne veka, imorgo blir det Midsommar feiring i Sverige, det blir gøy! Deler dette med dere i løpet av helga.
Ellers så kjem det seinare i dag ut litt øvelsar for Kettlebells-trening.
/ Monica
For meg så var det endeleg mandag på fleire måtar. Mandagar for meg er eigentleg fri, men eg kan faktisk ikkje hugse sist eg hadde ein frimandag. Det har vore så hektisk med ulike oppdrag og andre gonger har dagen blitt fylt opp på grunn av sjukdom veka føre.
Marit, ein av mine beste venninner og kollega benytta formiddagen til å gå oss ein tur i det fine været, samtidig passa me på å sprei litt reklame om klinikken vår i postkassene rundt omkring på Smestad ☺
Mandagstur på ettermiddagen
Mandagar er min faste dag å hente gutane i barnehagen, og då brukar me å gå tur i skogen. I dag gjekk me til ein fin liten foss i nabolaget, og hadde ein koseleg ”fika”. Me hadde med brød til endene, men dei såg me ingenting til i dag. Litt skuffa gutar då ja….
Me har mange fine turområde her i Groruddalen. Turen til fossen er Filips sin favorittRikard ventar.
Endeleg på løpefot med Rikard
Endeleg mandag og Rikard sin Løpetrening i regi av klinikken vår. Eg har gleda meg til å få vere med på denne, og i dag stilte mi snille lille syster opp som barnevakt, takk ☺
Eg kom duranes fram til Smestad og klinikken vår eit par minuttar for seint, men det gjorde ingenting for det var bare eg som stilte opp i dag.
Treninga var absolutt som forventa, Rikard har alltid artige innspel med ulike styrke, balanse og bevegelighetstrening, og han bruka det fint og naturleg inn i dei ulike omgivelsane me var i.
Lenge trudde me at ingen andre kom til treninga, heilt til me møtte på denne gjengen…Rikard held løpe- og styrketrening frå Smestad Mandagar kl 18.
Å kombinere denne type trening, altså løping og styrke er så himla moro, ein gløymer at ein tek seg frå A til B, plutseleg var me tilbake ved klinikken etter 6,65 km. Og då hadde han også fått meg spurtandes opp ein hoppbakke før me gav oss.
Nå sitt eg her i god stolen min og kjenner at lår, rumpe og armar begynnar å få ein skikkelig stølhet slik den bør etter ei god treningsøkt. Håpar eg seg fleire på treninga neste gong.
I går fylte vår lille, store Filip fire år, hurra! Dagen skal feirast med familie og venner i dag, og det er stor stas. Me håpar at været skal holde seg slik at han kan få innvie bursdagsgåva si med vennene i dag, ei stor trampoline ☺
Filip 4 år 15 Juni!
Å ha med Filip til fotograf var ein fornøyelse.
Han gjorde masse grimasar og posera som bare det, og tolmidigheita holdt i nokon minuttar…..
Planlegging av markedsføringskurs
Fredag til lørdag hadde eg besøk av kusina mi Carina, så det blei ein sein fredagkveld med god mat og drikke. Det er Carina som har lagd den nye og flotte heime sida vår på Oslo Naprapatklinikk, og me er veldig fornøgde. I går fekk me derfor innføring i korleis me kan gå inn og redigere i wordpress og oppdatere innhaldet i heimesida sjølv. Carina driv og no å sett opp ei meir spennande Facebookside for oss.
Det er Carina som eg skal halde workshop i markedsføring med. Gledar meg!
Carina har lang og god erfaring med marknadsføring og kommunikasjon for små, mellomstore, men òg større bedrifter. Eg gleder meg stort til me skal halde ein workshop i marknadsføring saman, der me skal gje små til mellomstore bedrifter med innretning helse og terapeutyrket fine verktøy for å betre nå sine mål og idear om korleis synast betre.
Markedsføringsworkshopen er satt til lørdag 29 juni. Dette blir vårt første kurs saman, derfor gjer me deltakerar prisreduksjon nå fyrste gongen. Ta kontakt med meg om du er interessert. Les meir om kurset under kurs.
Nå skal eg gå og forberede ein bursdagsfest, forsøke å lage ei kake (absolutt ikkje god på det!) og ordne med pizzasnurrar ☺ Samtidig ser eg fram til ei god høgintensiv trening i hagen etter kalaset er over.
Denne veka har eg hatt fleire klientar med tennisalbue, og tenkte derfor eg ville legge ut ein liten filmsnutt for å vise ein treningsøving som blir anbefala alle med tennis- og golfalbue å gjera. Denne treninga er anbefala enten du går til manuell behandling, får trykkbølgebehandling eller om du har fått kortison.
Trening ved Tennis- golfalbue
Ved tennis- og golfalbue bør øvingane bli gjort 12repetisjonar, 2 seriar, 2ggr dagen i 12 veker.
Denne eksentriske treninga er også fin for alle andre for å førebygge, då rekk det å gjere 10-12 repetisjonar, 2-3 seriar nokon gonger i veka.
Viktig med grundig undersøkning!
Tennis- og golfalbue er for mage velkjente navn, og er benemning på irritera muskelfester ved albueknokelen, smerter på utsida er ”tennisalbue” og smerter ved innsida er ”golfalbue”.
Har du enno ikkje vore til naprapat eller anna terapeut og fått undersøkt armen din anbefaler eg at du gjer dette, då mykje av arm smerter i dag stammar frå skulder og nakke. Ei grundig undersøking er derfor viktig slik at behandling i rett område og struktur blir gjort.
Jobbar du som terapeut og eller massør er dette ein nyttig øving og gje til dine klientar med tennis- og golfalbue.
Filmen er i litt dårlig kvalitet, men håpet er å få filma dette inn betre etterkvart!
/Monica